nyhende

Frå venstre ww. FOTO: PRIVAT
Frå venstre ww.

Folkebiblioteket hiv seg på ny gartnar-trend

På folkebiblioteket kan du no få tak i meir enn lesestoff, nemleg frø.

Publisert Sist oppdatert

I samarbeid med Sveio hagelag startar Sveio folkebibliotek opp med ein ny trend, nemleg frøbibliotek.

Kanskje er du kjend med konseptet frå før, men om dette er nytt for deg, fungerer det som følgjer:

Frøbibliotek er eit tilbod mynta på alle hobbygartnarar, der ein kan låna frø på våren og så desse heime. Utover hausten vil ein kunna sanka frøa frå plantane ein har dyrka. Desse frøa kan ein levera attende til biblioteket, slik at andre kan låna dei til våren att. Prosedyren følgjer prinsippet lån – dyrk – sank – lever.

Auka kunnskap

Å tenkja grønt og vera sjølvberga har i seinare tid vorte populært og trendug. Årsakene er mange, som til dømes krigssituasjonen i Europa, det grøne skiftet, høge energiprisar og stigande matvareprisar.

Fleire bibliotek i landet har difor kasta seg på frøbibliotek-ordninga, og ynskjer med det å medverka til at folkesetnaden får auka kunnskap om dyrking, berekraft og biologisk mangfald.

Målet er at både vaksne og born skal få meir kunnskap om og glede av å sjå at noko spirer og gror.

— Noko av det mest fascinerande og magiske eg veit, er å leggja eit frø i jorda og sjå det spira; at ein turr, liten, svart prikk kan utvikla seg til ein heilt nydeleg blom eller grønsak. Det å få med seg ungar på denne reisa er lærerikt og verdfullt for dei: Kva er det eigentleg som skjer inni det vesle frøet? Kva er det som gjer at frøet utviklar seg til akkurat den og den planten? seier Anitha Ramsdal, bibliotekfullmektig ved Sveio folkebibliotek.

Fiol, ein frøplante som tek seg bra ut i potter og bed. Nokre fiolar er fleirårige (staudar), andre er eittårige.

Nyttig for skular

Folkebiblioteket ynskte å stå saman med nokon andre om prosjektet og fekk dermed med seg Sveio hagelag.

— Det er kjekt å kunna samarbeida med lag og organisasjonar, seier Ramsdal.

Hagelaget kan dømesvis supplera med mellom anna teoretisk kunnskap og fagleg tilråding undervegs i dyrkingsprosessen.

— Viss dei har tankar om eit spanande og interessant hagetema, kan me arrangera temaformidling og føredrag på biblioteket til dømes, legg Ramsdal til.

Ho har trua på at det nye tilbodet på biblioteket vil vera nyttig, særleg for elevar i samband med skuleprosjekt. Elevane kan koma og låna frø på våren, og når dei startar på skulen att i august, vil dei truleg ha mykje å fortelja om det som har vakse seg stort i hagen heime.

Folkebiblioteket startar opp i år, og våren 2023 kan ein koma innom og låna med seg frø – gratis. Kanskje vil du prøva deg på blomkarse eller fiol? Eller noko eteleg, som tomat eller agurk?

Frøkapsel på fiol. Til hausten vil kapselen vera full i frø som kan brukast til våren att.
Powered by Labrador CMS