nyhende

Folkeaksjon for Valestrand kyrkje

I haust feirar Valestrand kyrkje 150 år, og det er mykje kjekt som skal skje. Men først må kyrkja blir klar til jubileet. Difor er det starta ein folkeaksjon for å samla inn pengar.

Publisert Sist oppdatert

Kjær kyrkje har mange namn: Valestrand kyrkje, Kulturkyrkja eller berre Kyrkja. Gjennom 150 år har det vore mykje aktivitet med gudstenester, kyrkjelege handlingar med gravferd, vigsel og dåp, søndagsskule og andre trusopplæringsaktivitetar for barn, møter, konsertar, kulturkveldar og mykje meir.

150-årsjubileet skal feirast i fleire dagar til ende 18.–22. oktober. Då blir det konsert, kulturkveld og jubileumsgudsteneste med kyrkjemiddag på Ørevik grendahus.

Mykje som skal gjerast

Kyrkja skal malast til jubileet, det skal leggast fleire heller framfor kyrkja og store tre rundt kyrkja skal takast ned. Altertavla skal også renoverast.

Det skal vaskast og pussast det som vaskast og pussast kan. Har du tid og lyst er du velkomen på dugnad på kyrkjegarden laurdag 19. august.

I tillegg kjem det ut eit jubileumshefte, Valestrand kyrkje 150 år, skrive av Gunnar Salomonsen med konsulenthjelp frå fleire. Det blir gitt gratis til alle postkassar i Valestrandkrinsen, skriv jubileumskomiteen, som består av Inger Bente Strand Nilsen, Monica V. Valen, Anne Mari Fisketjøn, Victoria Møllerhaug, Ruth Eriksen, Martin Haugland, Jostein Valen og Arild Steinsland.

Treng pengar

Sveio kommune har gjeve 150.000 kroner til jubileumsfeiringa, og i tillegg 300.000 til malinga av kyrkja.

Dette er jubileumskomiteen glad for, men desse pengane er ikkje nok til å få gjort alt. Difor er Folkeaksjonen for å samle inn pengar til arbeidet med kyrkja oppretta. Vil du bidra, kan du finna Valstrand kyrkje på Vipps eller setta inn pengar via bank til Valestrand og Førde sokn.

— Me hadde slike folkeaksjonar både når Eikeland kapell var 50 år i 2010 og Førde kyrkje var 75 år i 2013. Det kom inn om lag 75.000 kroner i begge aksjonane, fortel sokneprest Arild Steinsland.

Powered by Labrador CMS