nyhende
Folk vil ha empati frå menneske, men KI-empati gjer det betre på test
Fleire studiar tyder på at ganske mange er skeptiske til personlege råd frå KI-robotar. Samtidig viser blindtestar at kunstig intelligens kan gi bra svar.
Forskarar ved Pennsylvania State University og University of Toronto har nyleg gjennomført ein studie der dei mellom anna ser på om folk føretrekkjer å få støtte frå menneske eller kunstig intelligens (KI). Funna, publisert i Communications Psychology, viser at når testutvalet fekk velje, føretrekte dei å få empati frå andre menneske.
Dei 153 personane som var med, skulle deretter vurdere ulike svar gitt i fire ulike settingar, og si korleis svara fekk dei til å kjenne seg. Nokre svar var skrivne av kvalifiserte menneske, andre av KI. I denne blindtesten svarte utvalet gjennomgåande at KI-svar fekk dei til å kjenne seg meir høyrt enn svara som var formulerte av eit menneske.
– Dette er interessante funn som vi kjenner igjen frå andre studiar: Deltakarar som opplever svar frå KI som meir empatisk og meir forståeleg, og at ein kanskje til og med kjenner seg meir «høyrt» av ein algoritme enn av ein person, seier psykolog og avdelingsdirektør Sveinung Tornås i avdeling innovasjon/Divisjon Digital transformasjon hos Helsedirektoratet til NTB.
Ja takk til tekniske råd
Ein annan studie i same gate tyder generelt på at ganske mange er skeptiske til råd frå KI-robotar. I artikkelen « Me vs. the Machine ?» i Scientific Reports for eitt år sidan har amerikanske forskarar gjennomført fem småstudiar med totalt 1.722 deltakarar. Der skulle deltakarar mellom anna rangere i kva grad dei ønskte å få råd frå eit menneske eller ein chatbot på ulike område.
Generelt føretrekte dei aller fleste råda frå eit menneske heller enn råd frå KI om dei skulle få råd om mellommenneskelege relasjonar og personleg utvikling. Svært mange vil også ha råd frå eit menneske om personleg studie- og karriereval, økonomi og lov og rett. Folk verka litt meir på glid til å søkje KI-råd om reiser, underhaldning, matlaging/oppskrifter og ikkje minst teknologi.
– Eg tenkjer at ein del av dette handlar om at vi er i ein veldig tidleg fase, og at teknologiutviklinga går kjempefort, seier Tornås.
Menneske er nemleg generelt ganske skeptiske til endringar og nye måtar å gjere ting på.
KI med best svar om dating
I undersøkinga vart deltakarar også bedne om vurdere to råd til personar som føler at det er vanskeleg å vere seg sjølve når dei er på stemnemøte.
Det eine rådet var skrive av eit menneske, medan det andre var ei omformulering av det same rådet, skrive av ein chatbot. Så lenge deltakarane ikkje visste noko om kvar råda kom frå, slo KI-varianten av rådet menneskevarianten på effektivitet, kvalitet og kjensla av å komme frå hjartet.
Når deltakarar visste kva råd som var skrivne av KI, vann likevel rådet skrive av eit menneske.
– At ein får forskingsresultat som kanskje kan verke litt sjølvmotseiande, det trur eg også har veldig mykje å gjere med at vi er litt sånn i startgropa å bli kjende med KI, seier Tornås.
Kunstig medkjensle
Psykologen finn det fascinerande at vi, i kommunikasjon med ei maskin, kan oppleve oss sett, høyrt og forstått.
– For mange av oss så er det jo enno ganske ukjent å skulle snakke med ei maskin. Det er kanskje berre er eit tidsspørsmål før mange av oss i ein del samanhengar synest det er fungerer godt nok å kommunisere med ein algoritme eller snakke med eit system, seier Tornås.
– Eg synest til dømes det er mykje mindre komplisert når eg møter KI-chatboten i banken i dag, enn eg synest det var for ti år sidan. Eg har øvd meg på måten å stille spørsmål på og vorte vand til måten han svarer på.
– Når det gjeld helsespørsmål, så trur eg det kjem, vi har berre ikkje vent oss til det enno. For KI blir aldri lei av å høyre på deg. Den er tilgjengeleg 24/7. Den gir deg alltid svar, og du får alltid svar som eigentleg løftar deg litt opp, seier Tornås.
KI i helsevesenet
Helse- og omsorgsdepartementet bad i fjor Helsedirektoratet om sjå på moglegheiter for ei offentleg KI-teneste som svarer på helserelaterte spørsmål frå innbyggjarane.
– Eg synest det er utruleg gøy å jobbe med og i ein organisasjon der ein ønskjer å vere heilt i frontlinja med veldig komplisert teknologi, seier Tornås.
Han understrekar likevel at det er altfor mykje med teknologien som førebels er altfor usikkert til at vi kan stole på den åleine.
– Særleg om vi trekkjer KI inn på arenaer der det er spørsmål om liv og død, alvorlege helseutfordringar, men også generelt for område som kommunikasjon om helsetilstanden til den enkelte. Vi må vere sikre nok på at algoritmane gir gode nok svar og kunne dokumentere dette, seier Tornås.
Slik situasjonen er i dag ville det vore nødvendig med eit menneskeleg overblikk i tillegg.
– Vi sparer jo ikkje noko helsepersonell om vi bruker KI til å lage forslag til svar, og så må nokon likevel godkjenne svaret etterpå. Så vi er på veg, men eg trur framleis at vi er eit stykke unna desse løysingane i praksis, seier han.