nyhende

Unge menn blir oftast tekne i både farts- og promillekontroll. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Unge menn blir oftast tekne i både farts- og promillekontroll.

Folk trakka litt lettare på pedalen i sommar

Litt færre bilistar fekk fartsbot i sommar, men likevel måtte nesten 17.000 trekkje nokre kroner frå feriebudsjettet, melder P4.

Publisert Sist oppdatert

Utrykkingspolitiet skreiv ut nøyaktig 16.792 fartsbøter i juni og juli i år, melder radiokanalen. Det er 1.292 færre enn i same periode i fjor, ein nedgang på 7 prosent, viser tala frå Utrykkingspolitiet.

UP-sjef Knut Smedsrud er likevel ikkje fornøgd.

– Det er små differansar, så dette er innanfor normalen. Vi har hatt nokre færre patruljar på vegen i sommar, og det er nok derfor det er ein bitte liten nedgang. Men det er mange, påpeikar UP-sjefen.

Færre er også tekne for å køyre i ruspåverka tilstand. I juni og juli vart 1.687 melde for ruskøyring, mot 1.839 i same periode i fjor. Alle typar menneske blir tekne – men unge menn er som vanleg overrepresentert.

– Det er dei som er mest utsette for trafikkulykker, og som oftast blir tekne både for råkøyring og for køyring i ruspåverka tilstand, seier Smedsrud.

Men i Sveio gjekk det unna på nokre av dei siste kontrollane i sommar:

Powered by Labrador CMS