nyhende
– Folk i Sunnfjord synest nok eg språkar
Norad-direktør Bård Vegar Solhjell (51) frå Naustdal trur ikkje det finst stygge dialektar. Men om mindre fine talemål eksisterer, er han redd dei liknar hans eige.
– Eg snakkar litt utvatna Sunnfjord-dialekt. Folk i Sunnfjord synest nok eg språkar frykteleg, medan folk her i Oslo seier «så bra at du har halde på dialekten din, den er så fin!»
Bård Vegar Solhjell humrar og vedgår det først som sist; at han aldri har kunne skilte med den breiaste sunnfjorddialekten. Han har til dømes alltid sagt «alle epla» i staden for «allje eplå», «draum» i staden for «dråm» og «ein gut» i staden for «ein gut’e». Sidan han flytta heimanfrå som 19-åring, har han, med Bergen som unnatak, stort sett budd på Austlandet. I dag huserer han i Son i Vestby kommune og pendlar til Oslo og jobben som direktør og leiar for Norad. Sjølv om han har verda som arbeidsplass og nett no har eit ekstremt jobbfokus på Ukraina, pratar han gjerne om korleis han pratar. Måten han kommuniserer på, påverkar jo det han vil formidle, og sjølv om dialekten ikkje akkurat er blitt breiare med åra, er han tydeleg stolt over korleis han pratar:
– Det har aldri falle meg inn å snakke annleis. I den grad eg har prøvd på noko, er det å halde på dialekten. Eg er veldig oppteken av at eg er frå Vestlandet og Sunnfjord, og dialekten er ein stor del av identiteten min. Det er internalisert viktig.
Ein skriftleg minoritet
Som tidlegare SV-politikar og statsråd for den andre regjeringa til Jens Stoltenberg i to periodar, har Solhjell mellom anna vore kunnskapsminister. Då hadde han også ansvar for sidemål. I hans eigen oppvekst betydde sidemål bokmål, og til liks med mange andre nynorskbrukarar, beherskar han begge målformer like godt.
– Gjennom livet har eg aldri vurdert å bytte til bokmål. Då eg begynte på skulen hadde eg allereie ei dialekt som var nærare nynorsk enn bokmål, og når eg tenkjer skriftlege setningar, så tenkjer eg nynorsk. Då eg som ung flytta til Oslo og kom i eit miljø der bokmål var dominerande, vart eg mest av alt oppteken av å halde på nynorsken. Å skrive nynorsk betyr at ein av og til opplever å vere ein minoritet. Med det sagt; vi er ein lite undertrykt minoritet, i høve til mange andre.
Solhjell vedgår at han i det daglege stadig møter ressurssterke bokmålsbrukarar som slit med nynorsken. Han har likevel ingen trøystande ord til dagens unge som meiner dei bør sleppe nynorsk som sidemål fordi det er så «vanskeleg».
– Vi har to skriftspråk, og så lenge det er ein stor andel av oss som skriv nynorsk, meiner eg vi bør behalde sidemål for alle.
Dorsk og svorsk
Han fortel likevel uoppfordra at han sjølv har bidrege til ei bok på bokmål fordi medforfattaren ikkje beherska nynorsk. På same måte som han kan slumpe til å bokmålifisere talemålet sitt når han er i Danmark og Sverige, eller når han pratar med innvandrarar som nyleg er komne til Noreg. Han skjemmest på ingen måte over ei slik behovsprøvd tilnærming, men seier han i slike augneblinkar blir ekstra merksam på dialekten sin.
I oppveksten var derimot det å prate dialekt langt meir sjølvsagt enn eit medvite val. Faktisk kan Solhjell knapt hugse at nokon prata noko anna enn Sunnfjord-dialekt i Naustdal. Det var først på vidaregåande i Førde at han møtte folk som snakka bergensk eller austlandsk talemål. Slik har han inntrykk av at det framleis er der heime:
– Sunnfjord-dialekten står sterkt og er normalen i Førde og omland, sjølv om Førde har ein litt utvatna versjon. Det var også stor skilnad på det språket eg sjølv snakka som ung og den dialekten folk frå dalen i Naustdal hadde. Vektløftaren Stian Grimseth er nær jamgammal med meg og vaks opp like i nærleiken. Han var med i både OL og VM og figurerte ein del i media, og han snakka mykje breiare enn det eg gjorde. Eg syntest alltid det var morosamt og litt rart å høyre han snakke slik på tv.
Naturleg utvikling
På spørsmål om det er spesielle ord i Sunnfjord-dialekten Solhjell likar ekstra godt, dreg han raskt fram nynorske favorittord som «åtgaum» og «kjærleik». Han er endå kjappare med å legge til at det sjølvsagt finst ein drøss av spesielle ord i Sunnfjord-dialekta, men at han ikkje kjem på dei, fordi han ikkje brukar dei. Og då er vi altså attende til at han snakkar «ein litt utvatna versjon». Og med den er Solhjell raus på både eigne og andre sine vegner:
– Det ligg i språket og dialekten sin natur at det er i endring. Både talespråk og skriftspråk er konstruksjonar laga for at vi skal kommunisere godt og effektivt. Så i høve til at dialektane blir utvatna over heile landet, er eg nok ganske pragmatisk. Eg har det same synet på skriftspråk. Det er heilt naturleg at språka våre er i utvikling.
– Forstår du sjølv andre dialektar like godt?
– Ja, det vil eg seie – eg set mi ære i å forstå alle norske dialektar. Men eg må innimellom konsentrere meg litt ekstra for å forstå gammal setesdøl.
Må tilpasse seg
– Somme meiner NRK-tilsette bør droppe dialekt og prate normert nynorsk. Kor står du i den debatten?
– Det er bra for oss å forstå ulike dialektar, og vi har også små dialektforskjellar her i landet. Dei som jobbar i NRK vektlegg jo dessutan god diksjon. Så at folk som er fødde og oppvaksne i Noreg meiner det ikkje bør vere lov å snakke dialekt på tv … Eh … Eg respekterer det, men eg er berre heilt ueinig. Eg synest dei kan tilpasse seg.
Norad-sjefen legg diplomatisk til at han forstår at dialekt kan vere utfordrande for dei som er nye i Noreg, og at dei ville hatt det enklare med eit standardisert mål. Samstundes meiner han det å høyre ulike dialektar på NRK, nettopp er ein viktig og god introduksjon til det mangfaldet som finst av norske dialektar.
– Finst det stygge dialektar?
– Det er nokre eg synest er ekstra fine, slik som brei sunnhordalanddialekt og breie dialektar frå Skjåk og Lom. Men stygge …? Nei … Dei som språkar endå meir enn det eg sjølv gjer, kan kanskje låte litt rart. Rart, altså – men ikkje stygt.