nyhende
– Folk i bygda er så dyktige til å engasjera seg
Vekas sveibu er innflyttar frå Vormedal.
– Kva gjer du til dagleg?
– Eg jobbar nokre dagar i veka på Haugli Bakeri.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det må vera naturen og fridom til det meste. Eg set pris på at det er så roleg og fredeleg.
– Er det noko du saknar i Sveio?
Annonse
– Eg ønsker eit betre busstilbod frå Buavåg.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det må vera då me flytta hit i slutten av 2020. Eg set uendeleg pris på måten me blei tekne imot her i bygda.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
Annonse
– Folka. Eg synest at folk her i bygda er så dyktige til å engasjera seg, noko som gjorde at eg fekk venar og kompisar tidleg etter at eg flytta hit.