nyhende

Utsnitt av kommunehuset i Sveio.
Utsnitt av kommunehuset i Sveio.

Følg første informasjonsmøte i kveld

Du kan få med deg møtet – anten ved oppmøte eller via direktesending. Det kan også sjåast i opptak i etterkant.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune er innafor Vestland si fylkesgrense, men har mykje samhandling med nabofylket Rogaland i det daglege. Politikarane har som kjent starta ein prosess der dei til slutt skal ta eit vegval – bli i Vestland, eller søkja om å flytta over til Rogaland.

Innbyggjarane er oppmoda til å sei si meining i ei folkerøysting, men før den tid er det lagt opp til fleire informasjonsmøte, det første er på kommunehuset kveld – møtet er ope for alle.

Rapporten (ekstern lenke) som tar føre seg fordelar og ulemper med begge fylka skal presenterast av Telemarksforsking. Møtet finn stad i kommunestyresalen, men det kan også følgjast frå skjerm her (ekstern lenke).

Om ein har spørsmål kan ein stilla desse i møtet, eller senda dei inn på førehand. Les meir om dette på Sveio kommune sin nettstad.

Powered by Labrador CMS