nyhende

Det er over ti år sidan det blei fødd så mange som 12 nye innbyggjarar til Sveio. Illustrasjonsfoto
Det er over ti år sidan det blei fødd så mange som 12 nye innbyggjarar til Sveio. Illustrasjonsfoto

Fødselstala skaut fart i ferien

Juli har vore ein knallmånad, heile 12 nye sveibuar har kome til verda.

Publisert Sist oppdatert

– Ja, det er skikkeleg oppløftande, me må heilt tilbake til februar 2010 for å finna tilsvarande tal, kommenterer leiande helsesjukepleiar, Grethe Natås.

Det var etter ferien at ho fekk dei gode tala på bordet, og då var ho ikkje sein om å finna fram den store fødselsboka deralle nyfødde etter tur og orden blir førte inn med sirleg handskrift. I denne boka er det i løpet av dei siste 16 åra og fram til februar 2020 registrert 1074 born totalt.

Liten sjanse for toppår

Dei siste åra har det store svingingar. 2011 står som sjølve «superåret» med heile 89 nye sveibuar. 2019 var året med færrast fødslar med berre 55 fødde. I 2018 og 2017 var det høvesvis 76 og 56.

– Kan det bli eit nytt toppår?

– Noko nytt toppår trur eg neppe at det blir, då må det skje noko tryllerier, seier Natås og forklarer korleis ho resonnerer:

– Fram til juli månad var det fødd 25 born, i juli 12, og eitt til nå i august. Det er totalt 38 born per 1. august. Me veit om 18 stykk som har termin i år, i tillegg veit me at det alltid kjem nokre til som ikkje går til kontroll her på helsestasjonen. Då har me 56 born, pluss eit par til, noko som betyr at me endar opp med omtrent same fødselstal som i fjor.

Sveio søkjer ny jordmor

Ved Sveio helsestasjon er det no lyst ut ei 80 prosent stilling som jordmor. Den som blir tilsett skal ta over etter Annett Semb Helvik som ved utgangen av august har vore eit knapt år i Sveio.

– Eg skal over i ny jobb ved Jordmortenesta i Stavanger kommune, der eg i sterk kontrast til Sveio, blir ein del av eit større miljø, opplyser Helvik som ser fram til å byrja i den nye jobben. Ho betrur oss at den viktigaste grunnen til at ho framover skal pendla til andre sida av Boknafjorden er kjærleiken.

– Det er viktig å gripa sjansen når den kjem, seier den avtroppande jordmora i Sveio, som likevel synes det er litt vemodig å slutta.

– Eg er glad i Sveio, og Sveio helsestasjon er ein fantastisk plass å vera. Her er godt arbeidsmiljø og me har heile tida tett samarbeid opp mot legesenteret, rosar Helvik. Ho har stor tru på at Sveio vil få mange gode søkjarar til stillinga som no er lyst ut.

– Det pleier å vera mange fødslar i løpet av sommarmånadane, men juli i år var det ekstra mange, fortel leiande helsesjukepleiar i Sveio, Grethe Natås t.h. Ho påpeikar likevel at det skal meir til for at Sveio skal få ein fødseltopp. Annett Semb Helvik t.v., søkjer nye utfordringar i Stavanger, etter eit knapt år i stillinga som jordmor i Sveio.
Powered by Labrador CMS