nyhende

Flyttemønsteret held fram å trekkje folk mot sentrum, viser ein rapport frå Statistisk sentralbyrå.

Flyttemønsteret held seg stabilt

Den årlege flyttestatistikken frå Statistisk sentralbyrå viser at flyttemønsteret i Noreg framleis er sentraliserande, med netto innflytting til dei mest sentrale områda og utflytting frå dei minst sentrale delane av landet.

Publisert

Statistikken byggjer på Flyttehistorieprosjektet, der dei same personane blir følgde frå dei er 15 til 40 år gamle. Dette gir eit meir heilskapleg bilete av flytting enn årlege tal, ved at ein kan sjå både tidleg utflytting, vidare flyttingar og eventuell tilbakeflytting.

– Berre 20 prosent av 15-åringane som budde i ein kommune med sentralitetsklasse 6 (som omfattar Noregs minst sentrale kommunar, definert av låg reisetid til arbeidsplassar og tenester) i 2000 blei buande der alle 25 åra til 2025, då dei var blitt 40 år gamle, medan 16 prosent hadde flytta tilbake igjen. Altså hadde 64 prosent flytta ut og ikkje kome tilbake igjen, står det i rapporten.

Samstundes bidreg innvandring, særleg frå ukrainske flyktningar dei siste åra, til å dempe nedgangen i fleire distriktskommunar.

Powered by Labrador CMS