nyhende

Grete Halleraker Pedersen på byggeplassen i Kvalvåg.
Grete Halleraker Pedersen på byggeplassen i Kvalvåg.

Flyttar produksjonen til Sveio

I fjor produserte Heimebaka AS på Bømlo nær 42 000 lefser, og i år ligg dei ikkje langt etter. I den travlaste tida nå før jul blir det baka over 400 lefser kvar einaste dag, men dagsrekorden er på heile 570 lefser. Då gjekk det med 16 liter kulturmjølk og nesten 30 kilo kveitemjøl.

Publisert Sist oppdatert

Med bestemor Anna si lefseoppskrift har Grete Halleraker Pedersen og ektemannen Tom Roger Pedersen lagt sjølvaste gullegget. Nå har lefsebakeriet på Finnås på Bømlo vakse ut av lokala sine, og snart skal eit nytt og større bakeri vera under tak i forlenging av nytt bustadhus i Grete si barndomsbygd Kvalvåg.

– Eg fekk oppskrifta på verdas beste lefser av bestemor mi, og gode tips av tante Ingebjørg. Ut ifrå den oppskrifta har me òg utvikla oppskriftene våre på speltlefser og havrelefser, fortel Grete Halleraker Pedersen.

Ho fortel at bestemora var utruleg flink til å baka lefser, nordlandskaker, tørre vaflar og mykje meir, men tenkte aldri at ho sjølv burde nytta høvet til å læra å baka lefser medan bestemora levde.

– Lefsebakeing måtte eg læra meg på eiga hand i vaksen alder, fastslår Grete.

Starta med smykke

Etter å ha jobba som lærarar i mange år starta ho og ektemannen opp ein nettbutikk som selde smykkeutstyr. Nettbutikken var ein av Noregs største innan smykkeutstyr.

– Etter ei storheitstid med «Goldmine, paracord-armbånd og Loom» byrja marknaden og interessa for smykkelaging å dala, og me visste at me måtte finna noko anna å leva av, fortel Grete som er fødd og oppvaksen på Kvalvåg. Ekteparet har fire barn i alderen 15-25 år, og har budd på Bømlo sidan 2000.

Frå hobby til levebrød

Grete byrja å baka til familien og venner. Så berre tok det av. Seint på hausten 2016 la ho ut eit bilde på Facebook av at ho laga potetlefser med eldste sonen.

Grete Halleraker Pedersen i aksjon med lefsebaking heime på Finnås.

– Ei venninne lurte på om eg laga vanlege lefser også, – og eg svara «ja, sjølvsagt». Eg hadde jo bestemor mi si oppskrift og hadde laga lefser eit par gonger før. Eg lova å laga lefser til henne. Ho var nøgd med resultatet og då kom tanken på at andre i nærområdet kanskje også ville kjøpa.

– Eg la ut ei annonse på Facebook. Naturleg nok måtte varene bli leverte på døra sidan me bur litt avsides. Responsen var så god at det blei mange omgangar med lefser. Då vaks det fram ein idé om ei lita bedrift, eit bidrag til inntekta. Det blei rekna på tidsbruk og utgifter og rett over nyttår 2017 tok me avgjerda og starta opp Heimebaka AS, fortel Grete.

Eit lite bakeri veks fram

I starten føregjekk bakinga på kjøkkenet. Ganske snart blei det tydeleg at dei måtte ha meir plass – ein eigen plass berre til lefsebaking.

Ein grunnmur som eigentleg skulle bli uthus/snikkarbod blei utgangspunktet for eit lite bakeri i hagen. Ekteparet satsa alle sparepengane sine og fekk bygget sett opp av fagfolk. Resten av jobben – isolering, golv, vegger og tak og innreiing gjorde dei sjølve, og i juni 2017 stod det vesle bakeriet på ca. 24 kvadratmeter klart. Samstundes hadde dei utvida leveringsområdet sitt til å omfatta også Stord og Haugalandet.

26. oktober 2021 starta gravinga på tomta i Kvalvåg. Her skal bli kombinert bustadhus og bakeri. Etter planen skal ringmuren til huset støypast før nyttår. Me ser Ålfjorden i bakgrunnen.

– Ganske snart måtte både eg og mannen min kjevla og steika for å koma i mål med alle bestillingane. Og me utvida også med å tilby ferdig smurte lefser, etter gjentatte førespurnadar. Og eg som trudde alle ville bløyta og smøra lefsene sine sjølv, på sin måte, ler Grete.

Litt etter litt har verksemda utvida leveringsområda sine. Nå kjører dei over nesten heile Sør-Vestlandet. Til Stavanger og Sandnes området, sør til Varhaug og Vigrestad, heile Haugalandet og inn til Etne og Sauda og sør til Jørpeland og Ryfylke. I tillegg til Bergens-området, nord til Rong og Askøy og inn til Voss.

Frå tomt til hus med nytt bakeri

Grete har i mange år hatt ei hustomt på Kvalvåg som ho fekk av foreldra sine. På denne tomta er det for tida stor byggjeaktivitet.

– Bakeriet me bygde i 2017 har blitt altfor lite for oss og nå når me bygger nytt hus så bygger me samstundes eit nytt bakeri i den eine delen av huset. Det nye bakeriet blir omtrent tre gonger så stort som det gamle. Det skal bli bra, seier Grete som gler seg til å flytta tilbake til barndomsbygda.

– Det er Bømlohus (Vestlandshus) som bygger for oss, men me ville at Johannes Kvalvågnes skulle ta grunnarbeidet. Det var og ein sjølvfølgje å velja røyrleggjar Thuestad til alt røyrarbeidet. Dei vala er me godt nøgde med. Oppstarten og arbeidet på tomta har vore effektivt. Dei har jobba frå tidleg morgon til seint på dagen. Nå ventar me spent på grunnmuren og reisinga av sjølve huset. Går alt etter planen står huset klart til sommaren.

Dagen, døgnet og veka

Lefser er eigentleg ikkje eit sesongprodukt. Ekteparet Pedersen lagar og sel lefser heile året. Lefser blir brukt til alle livets anledningar – fødsel, dåp, bursdag, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Og til kaffien på ein heilt vanleg dag.

– Men me har det sjølvsagt mest travelt om hausten, det er mange som ønskjer å ha lefser på bordet i jula, konstaterer det driftige ekteparet.

Heimebakst-lefsene blir selde gjennom salsannonser på Facebook. Så blir bestillingane samla opp og lefsene blir levert på døra til kunden etter planlagde leveringsrundar.

– Vanlegvis køyrer me på leveringstur torsdag og lørdag – søndag, mandag og tysdag bakar me. Onsdag, torsdag og fredag smører me lefser til leveringsturene. Ofte, og spesielt nå før jul, byrjar dagen alt klokka 04.45 for å få unna bakeøkta. Når det står på som verst jobbar me ofte 12-15 timar i døgnet, fortel dei driftige lefsebakarane.

Arbeidsoppgåvene er varierte. Etter ei levering tykkjer dei det godt å koma ut i bakeriet og kjevla og steika i fred og ro. Etter å ha kjevla i tre dagar er det godt å få jobba med bløyting og smørjing. Og etter lange dagar i bakeriet er det godt å koma seg ut på vegen og ut til kundane igjen.

– Det er alltid kjekt å koma på døra med lefsene kundane har bestilt, smiler Grete som set pris på å slå av ein liten prat i farten.

Mange hobbyar

Når ekteparet ikkje jobbar finn dei glede i naturen. Ein av dei tinga dei ser fram til når dei flyttar inn i nytt hus ved Ålfjorden, er at dei gler seg til å tilbringa ein del tid på sjøen, fiska og setja garn eller teiner. Og laga god mat av det dei får. Ekteparet har til dømes utvikla ei fantastisk god oppskrift på makrell i tomat.

– Eg brukar óg fritida mi til strikking og handarbeid og når eg har god tid så likar eg å mala. Det har vore travelt dei siste fem åra så det har ikkje blitt mange maleria, men i det nye huset skal eg ha ein krok på loftet der eg endeleg kan utfalda meg med oljemaling igjen, fortel Grete ivrig.

Framtida ser lys ut

Målet for 2022 er å koma i gong i det nye huset, og laga nye, gode rutinar. Med større bakeri er målet å effektivisera arbeidsdagen og få meir fritid.

– Etter å ha jobba knallhardt i mange år for å byggja opp bedrifta og spara nok pengar til nytt hus, kan me endeleg nyta livet litt og faktisk ha litt fri av og til. Ved å bu i Sveio kjem me nærare våre leveringsområder og får kortare reisetid, me hamnar rett og slett «midt i leio». Det er stas at me nå klarar å byggja hus med bakeri på Kvalvåg og at lefsa får flytta heim der ho kjem frå, konstaterer Grete Halleraker Pedersen.

Lefser er sjølvsagt til jul, men kan også nytast resten av året.
Powered by Labrador CMS