nyhende
Nytt liv i låven:
Flytta inn i fjøset
Først renoverte dei heile hovudhuset. Då dei endeleg var ferdige, flytta familien like godt inn på den gamle låven i staden.
– I utgangspunktet skulle me jo gjere ei enkel oppussing, slik at me kunne bruke låven til vennelag og familieselskap om sommaren.
Anne Lovise Stornes Ytterland (45) ler, og viser veg frå gangen og forbi badet inn på kjøkkenet i første høgda. Truleg har det vore både kyr, høner og gris i denne etasjen før. No er veggane mintgrøne og pryda med stilreine hyller fylt med Mumi-koppar.
Vegg-i-vegg ligg to små soverom. Begge har plassbygde senger og dei originale kuppel-lampene frå fjøsen, fortel ho:
– Det einaste me ikkje har pussa opp, er møkkakjellaren her under kjøkkenet. Der har me berre att ein liten lagerplass. Resten er mura att.
Ein hytteheim
Anne Lovise er fødd og oppvaksen her på Vigra; i ein einebustad berre nokre steinkast unna låven me no står i. Allereie då ho var 18 år og gravid kjøpte ho det vesle småbruket frå 1937 som hadde stått til nedfalls så lenge ho kunne hugse. Det var likevel ikkje før ho møtte ektemannen Alexander (49) mange år seinare at ho flytta inn på eigedomen.
Den gongen var det først og fremst hovudhuset paret hadde planar om å pusse opp, og i fleire år var låven berre eit sutlaust sideprosjekt. Det var difor dei først slo opp asfaltplater av billegaste sort på ytterveggane på låven, og syntest dei var råflotte då dei kosta på seg vatn og straum. Men jo meir dei brukte låven, jo meir oppdaga dei at dei faktisk treivst betre her enn i hovudhuset. Det var slik draumen om ein fritidsbustad i hagen vaks fram.
Og no, no har dei budd på hytta i 11 år.
Maksar plassen
Då søknaden om bruksendring frå driftsbygning til fritidsbustad var godkjend, vart også istandsetjinga eit ganske anna føretak.
– Me tok ein del snarvegar borte i hovudhuset og angra ganske fort på det, så med låven bestemte me oss for å gjere det skikkeleg, ikkje minst i høve til det tekniske, fortel Anne Lovise.
– Fordi bruksarealet berre er på 80 kvadratmeter, måtte me også nytte all plassen maksimalt. Det er vel ingenting her inne som er tilfeldig, seier ho, og demonstrerer ved å dra ut den ekstra kjøkkenøya som er gøymt under kjøkkenbenken.
Arveleg bygd
Til liks med ektemannen er Anne Lovise byggingeniør, og som han er ho arveleg belasta. Både farfaren og faren er snikkarmeistrar, og av dei to systrene hennar er ei blitt byggingeniør og den andre møbelsnikkar. Ektemannen har på si side ein snikkarmeister til farfar og ein svært praktisk anlagt far.
All kunnskapen i storfamilien har paret sjølvsagt nytta seg av i arbeidet med låven. Dei har gjort det meste sjølv og ana heldigvis ingenting om kor stor jobb det skulle bli:
– Først senka me golva på bakkeplan med halvannan meter, før me ombestemte oss og justerte det opp att med ein meter. Så var det å leggje isolasjon og vindsperre utanpå dei stygge asfaltplatene og avslutte med ny kledning. Og så balla det på seg.
Ope oppsyn
Anne Lovise smiler og stegar opp trappa til neste halvetasje. Her er det kombinert stove, kontor og medierom og vegger av det originale, vêrbitne slaget.
På dette planet er takhøgda rause 4,5 meter, og med direkte sikt til neste og siste halvplan med stove og matstove.
Det einaste som skil desse etasjane er eit sobert rekkverk i glas.
– Eg er blitt veldig glad i lyset her. Det gjer at alt vert opplevd mykje større enn det eigentleg er, seier Anne Lovise, i det ho klyv opp siste trinn til øvste høgda.
Der blir ho ståande og peike mot to store glasdører som har erstatta den gamle låvedøra. Dørene fører framleis rett ut på låvebrua. Dei var ikkje minst populære då dei to sønene var små og kunne sette utfor med akebrettet rett frå stova, fortel Anne Lovise, og dumpar ned i ein eldre sofa med grønt fløyelstrekk og rund rygg.
Ein ny standard
Men kva skjedde med hovudhuset – det dei akkurat hadde pussa opp?
Anne Lovise humrar. For ja, det er gått over ti år sidan familien på fire sette bu i låven. I løpet av den tida har sønene John og Edvin blitt 16 og 14 år gamle og for lengst vakse ut av køyesengene på det vesle soverommet dei har delt.
Det har Anne Lovise og Alexander sjølvsagt teke høgde for. Dei er ikkje byggingeniørar for ingenting, og har brukt dei siste åra til å pusse opp hovudhuset endå ein gong. Denne runden har dei også gjort det mykje grundigare enn første gong.
Resultatet er blitt så bra at sønene allereie er installerte i huset over vegen. Om ikkje lenge flyttar foreldra etter.
Hus og hytte i hagen
Anne Lovise vedgår at skiftet skjer med eit visst vemod. Ho er likevel snar med å påpeike at ringen mest av alt er slutta no:
– No har me jo både fått eit skikkeleg hus og ei fantastisk hytte i hagen, seier ho, og fortel at ho også har planar om å leige ut hyttelåven når familien ikkje brukar han sjølv.
– Arbeidet med låven byrja jo med at hovudhuset var for lite til å invitere heile storfamilien og masse vener på sommarfest. Her på låven er det framleis plass til alle – berre med ein heilt annan standard enn me nokon gong drøymde om. No kan me til og med invitere til lag midt på vinteren!