nyhende

Arne Valen (Sp) seier svaret frå administrasjonen er nedslåande.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Arne Valen (Sp) seier svaret frå administrasjonen er nedslåande.

— Flytt politiske møte til dagtid

Vil det bli enklare å halde på og rekruttere nye folkevalde i Sveio om dei politiske møta blir lagt til dagtid? Ja, trur Arne Valen i Senterpartiet.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag kunne Vestavind melde at meir enn halvparten av dei 25 kommunestyre-representanne i Sveio ikkje tek attval framfor kommunevalet neste haust.

— Demokratisk problem

Kommunestyre-representant Arne Valen (Sp) meiner kommunen har eit demokratisk problem når så mange ikkje vil ta attval. Han trur ein del av problemet er at både kommunestyret og dei andre politiske utvala har sine møte på kveldstid.

— Politisk arbeid stel tid frå familieliv og andre interesseområde. Her kan me politikarar leggje betre til rette for at folk stiller til val, skriv han i eit lesarbrev til Vestavind.

— Treng tid til borna

I dag startar dei fleste møta i Sveio klokka 17. Dei kan vare i både tre, fire og fem timar. Kristine Våge Ballard (SV) er ei av dei unge som gir seg etter berre ein periode. Ho er einsam representant for sitt parti. Ho har derfor ikkje kunna delegert enkeltsaker internt i noko partigruppe, slik parti med fleire representantar har høve til. Då vert det lite tid til familie.

Kristina Våge Ballard, Sosialistisk Venstreparti, gir seg i lokalpolitikken. Ho vil ha meir tid til borna.

— Eg er tobarnsmor og treng tid til dei også, sa ho til avisa torsdag.

Arne alen (Sp) synest at det er synd at unge som har vore med berre ein periode gir seg.

— Då har dei akkurat rokke å seg inn i prosessane som kommunal forvaltning inneber, og skaffa seg eit grunnlag for å kunne påverke vidare, seier han.

Han viser til at mellom anna Stord kommune har vald å flytte sine politiske møte frå kveldstid til dagtid. Der startar møte klokka 12, noko som dei fleste folkevalde etter det han forstår er nøgde med. Også i Haugesund er dei politiske møta på dagtid.

Kostnad for kommunen

Når politiske møte blir haldne på dagtid, må dei folkevalde som er i jobb kjøpast fri. Kva kostnad det vil ha for kommunen har ikkje Valen rekna på, men han meiner det vil vere ei god investering for kommunen, då det vil kunne vere med på å gi ein god bredde i både kjøn, alder og bakgrunn i kommunestyret.

— Og så ser eg samstundes at møter på dagtid kan vere krevjande for sjølvstendig næringsdrivande. Eg trur likevel dei fleste vil kunne tilpasse dette, og levere inn timesatsane sine for ikkje å gå i økonomisk tap, for det skal ingen gjere for å drive politikk, understrekar han.

Sosiale media

Valen skuldar ikkje alt på møtetidspunkt når det kjem til utfordringa med rekruttering av folkevalde. Til dømes er sosiale media blitt noko politikarar må forhalde seg til, om dei vil eller ikkje.

— I saker som til dømes skulesaka og fylkesbyte kan temperaturen i sosiale media bli veldig høg, og det trur eg nok gjere nokon betenkte, seier han.

Må vente på svar

Dei politiske partia i Sveio står no midt i sine nominasjonsprosessar. Dei som grunnar fram og tilbake på om dei skal bruke tid på lokalpolitikk, får neppe svar på om det i framtida blir møte på dagtid eller kveldstid før over nyttår.

Eit forslag om å be rådmannen legge fram ei sak om flytting av politiske møte frå kveld til dagtid, så må saka handsamast politisk.

— Eg trur det er vanskeleg å få til på denne sida av årsskiftet, seier ordfører Linn Therese Erve (Ap)

Evaluering på gang

Ho fortel at spørsmålet om flytting av politiske møte er eit tema som stundom blir tatt opp mellom dei folkevalde.

— Og me har nyleg sett ned eit utval beståande av gruppeleiarar, varaordførar og ordførar. Utvalet skal evaluere mellom anna møtestrukturen. Der vil dette bli tema, seier ho.

Ordføraren har sjølv mindreårige born, og ser at det for folk i familiesituasjon vil opplevast enklare når det kjem til logistikk om dei politiske møta er på dagtid. Samstundes peikar ho på at det ikkje er like enkelt for alle med politiske møter på dagtid. Om ho ikkje blir attvald som ordførar, skal Erve sjølv i utgangspunktet tilbake i sin sivile jobb som advokat i eit privat firma.

— For meg personleg vil det slik sett vere meir utfordrande med politiske møte på dagtid, men ikkje verre enn at det skal vere overkommeleg, understrekar.

— Halvparten sikrar kontinuitet

Ordføraren er elles ikkje like uroa som Arne Valen over at det ligg an til ei stor utskifting av representantar i kommunestyret neste haust.

Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap).ARKIVFOTO

— Den halvparten som blir igjen sikrar kontinuiteten, peikar ho på.

Ho er elles samd med Valen i at sosiale media kan spele ei rolle i spørsmålet noko stiller seg kring om dei vil engasjere seg i lokalpolitikken eller ikkje, men ho har ikkje høyrd at nokon av dei som gir seg i kommunestyret i Sveio etter denne perioden har lagt sosiale media til grunn for sitt val.

Ordføraren legger til at ho håpar at fleire ønskjer å bli med i lokalpolitikken.

— Det er givande og lærerikt, seier ho.

Powered by Labrador CMS