NPK-NTB: – Vi har kansellert fem rundturar frå Gardermoen i dag som følgje av flyteknikarstreiken, seier presseansvarleg i Norwegian, Andreas Hjørnholm, til Dagbladet/Børsen.
Flygingane som er kansellerte skulle tur-retur til London, Alicante, København, Edinburgh og Murcia i Spania, altså til saman ti flygingar.
Widerøe seier til same avis at dei har kansellert éi flyging som skulle starta i Tromsø, floge til Alta, Kirkenes og Vadsø før det skulle tilbake til Tromsø igjen.
– Vi hadde forseinkingar og kanselleringar i går. I dag er det førebels éi flyging som er kansellert. Den går frå Tromsø, via Alta til Kirkenes og vidare til Vadsø, så tilbake til Tromsø, seier kommunikasjonssjef i Widerøe Catharina Solli til avisa.
SAS melder tysdag morgon at dei førebels ikkje har måtta kansellere nokon flygingar.
(@NPK-NTB)