nyhende
Flyktning, fallskjermjeger og nobelprisvinnar
Alle sit på ei god historie, men nokre sit på fleire enn berre ei. 83 år gamle Otto Inge Molvær frå Førde har opplevd meir enn dei fleste.
Det trengs for mykje tid til å fortelje alt om Otto Inge Molvær. Men heldigvis berre eit ord å beskrive livet hans: Innhaldsrikt. Som innflytta sveibu har han engasjert seg mykje i lokalsamfunnet, og han set stor pris på dei flotte omgivnadane å gå, jogge, sykle eller padle tur i. Han er ein av dei få menneskja som med handa på hjartet kan seie at «borte bra, men heime best», og ein vil forstå kvifor i slutten av artikkelen.
Frå flyktning til fallskjermjeger
Otto kom til verda på staden han har etternamnet sitt frå, Molvær, i midten av juni 1939, på tampen av andre verdskrig.
— Når eg snakkar med barnebarna mine om korleis eg vaks opp, så er det som dei trur at eg kjem frå ein annan planet, seier Molvær.
Barnebarna vaks opp i eit fredfylt Noreg, men sjølv byrja han livet som internflyktning i Ulsteinvik. Som 18-åring flytta han frå litle Molvær og kom aldri tilbake dit. I Bergen, under medisinstudiane sine, trefte han og forelska seg i ei ung kvinne frå Oa i Sveio. Hennar namn var Grete Lid, og det er ho som er grunnen til at dei busette seg i Førde. Saman fekk dei tre born med namn Gry, Skjalg og Jarl. Familien rekte mange eventyr saman før Grete gjekk bort i 1994. Dei budde mellom anna i Voss, Bergen, Svalbard og Nord-Carolina i USA.
Særleg sistnemnte stad var ein fryd for foreldra hans, som aldri før hadde vore utanfor Skandinavia då dei kom på besøk. Ein bubil og seks veker seinare hadde alle sju vore innom fire delstatar i området, før dei stansa heilt sør i Florida, på øygruppa Key West.
Han humrar når han hugsar kva faren sa til han.
— Om han var like ung som han var gamal hadde han ikkje reist heim igjen, men slått seg ned der, seier Molvær.
Det heng eit lite amerikansk flagg på veggen til Molvær, og utanpå det eit lommeur. Det er arva frå faren hans, som igjen hadde arva det frå ein onkel i Amerika.
På ein annan vegg i stova heng det fleire bilete. Men desse er av Otto sjølv, og flagget på skuldra hans er Noreg sitt. Dei er frå når han vart utdanna fallskjermjeger, og når han seinare var i dei norske styrkane i Libanon.
Tida i Ebel es-Saqi
— Har du nokon gong vore i kampar?
— Nei, eg har aldri vore i strid. Me skulle berre ta oss av andre, svarar Molvær.
Bildet er tatt i 1988. Då hadde Libanon vore prega av borgarkrig i lang tid. Molvær var ein del av den såkalla Norbatt-styrken, eit norsk bidrag til FN-styrkar som skulle halde på freden.
— Det kunne vere skummelt, men stort sett gjekk det greitt, seier Molvær.
Som bataljonslege med graden oberstløytnant var det hans oppgåve å gi medisinsk bistand i leiren, og nokre gongar dra utanfor dei sikra områda for å hjelpe sivile. Då måtte dei utruste seg i tråd med det gjeldande trugsel-nivået.
— Det var litt spesielt å gå inn på soverommet til folk ikledd stålhjelm, splintvest og våpen, for å trykke dei på magen og lytte på brystet deira. Det var ein litt sær situasjon, seier Molvær.
Spesiell hending
Trass det alvorlege bakteppet for årsaka til at FN-soldatane var i Libanon, smilar Molvær når han tenkjer tilbake til ei hending.
Ein norsk soldat som hadde vore på perm, vart skoten i skuldra på veg tilbake til basen. Molvær fekk beskjed om å gjere seg klar til å ta i mot soldaten.
— Så kom ambulansen, men så var ikkje pasienten der, seier Molvær.
Då den forundra bataljonslegen spurde ambulansesjåføren om kvar den såra soldaten blei av, fekk han svaret som framleis får han til å smile.
Så kom ambulansen, men så var ikkje pasienten der
— Nei, han var så svolten at han gjekk av lengre nede ved kantina for å ha seg noko mat først, humrar Molvær.
Soldaten var visstnok ein stødig kar frå Jæren, og Molvær kan fortelje at det enda godt. Pasienten måtte berre få litt mat i magen før dei tok ut kula.
Eit år seinare reiser den eine sonen hans til same leir i Libanon, som geværmann i dei norske styrkane.
— Korleis var det at din son skulle til eit område du visste var farleg?
— Det var heilt greitt. Han «pushar» alltid ting litt lengre enn meg. Eg hoppa fallskjerm frå fly og helikopter, og han frå fly, helikopter, fjell, bygningar, bruer og antenner som basehoppar. Så ein tur til Libanon gjekk på strak arm, seier Molvær.
Trivs godt i kalde strøk
Molvær synast at Libanon og Midtausten har mykje vakker natur, men han trivs best i kaldare strøk. Etter opphaldet i Midtausten gjekk turen til Dronning Mauds Land i Antarktis. Der var han med på å byggje Troll, ein norsk forskingsstasjon som ligg 250 kilometer inn i Antarktis, og meir enn tusen meter over havet. Då låg dei i telt.
Det er noko med polare strøk som kallar, og han har ei aning om kvifor.
— Det byrja då eg var gutunge og las om Nansen og Amundsen. Eg har alltid hatt lyst til å oppsøke plassar dei har skrive om i bøkene sine, seier Molvær.
Då han budde på i Longyearbyen på Svalbard fekk han tid til mange skiturar og turar i kajakk. Når han vaks opp med to polarheltar som førebilete, vart det freistande å boltre seg i arktiske strøk. Så det vart ein tur over Grønland på ski, samt fleire kajakkturar. I naustet heime i Førde står det ein grønlandskajakk som Molvær har bygd sjølv, av berre naturlege materiale.
Bestefar til 100
Då han gjekk av med pensjon fekk han endeleg tid til fotografering, noko han alltid har hatt ein interesse for. Men då hadde teknologien utvikla seg i frå Molvær, det var ikkje lenger filmrull og framkalling, det var digitalt.
— Då tenkte eg at det må vere nokon som undervisar i det. Eg byrja å sjå på folkehøgskule og såg at Lofoten folkehøgskule hadde fotolinje, og at det handla om naturfoto. Naturfoto og Lofoten? Det er innertiar, tenkte Molvær.
Naturfoto og Lofoten? Det er innertiar.
Då han søkte tok rektor kontakt for å høyre om han hadde noko meir vitnemål enn berre det frå sluten av tenåra. Dei hadde sett fødselsdatoen og undra seg over at ein 67-åring søkte på naturfotolinja. Molvær sendte over enda eit vitnemål, denne gong frå Forsvarets Høgskule. Då gjekk det fint.
—Og så var eg bestefar for 100 19-åringar i eit år, humrar Molvær.
— Korleis var det?
— For det første har eg vore tenåring sjølv. For det andre har eg hatt tre galne tenåringar i huset, så eg var ikkje det spor redd for det. Og ungdommar kan ha godt av å ha ein bestefar i blant seg, seier han.
Hugsar Molvær godt
— Du skriv om vår venn Otto? Ja han er ein fantastisk fyr, seier John Stenersen, hovudlærar på fotolinja på folkehøgskulen.
Han beskriv Molvær som ein mønsterelev som følgde godt med og var tilpassingsdyktig.
Stenersen fortel dei har hatt eldre elevar før, men at Molvær er den eldste med god margin. Han fortel at Molvær imponerte dei på med meir enn berre alder og lærevilligheit.
— Han var veldig på linje med dei unge elevane, særleg dei spreke. Han var ofte blant dei første på topp når me gjekk på fjelltur, og i veldig god form. Han løp kvar morgon, seier Stenersen.
Pensjonisten fekk jamvel bruk for yrkeskunnskapen han hadde lagt bak seg.
— Han vart litt huslege for mange utover vinteren når snufsinga byrja, seier Stenersen.
Det kan vere litt mykje å vere omringa av 100 19-åringar i eit år, særleg i helgene.
Det løyste Molvær slik berre ein som vaks opp med bøkene til Nansen og Amundsen kan.
— Han drog gjerne ut med kajakk og telt til ein holme om det vart for mykje liv, seier Stenersen.
Fotolæraren fortel varmt om at dei for nokre få år sidan fekk ei helsing frå Molvær, i anledning at han fylte 80 år.
— Me måtte ikkje bli bekymra, han var i absolutt full blome, humrar Stenersen.
Dessverre vert det ikkje plass til å fortelje meir, så dei seks fjella over 4000 meter han har klatra, seglturen frå Noreg til Karibia, pokalen for fem maratonløp på eitt år i 1996 i ein alder av 57, eller då han i 60-åra padla frå Svinesund til Grense Jakobselv i Finnmark, må du spørje han sjølv om.
Og forresten, i 1988 vart FN-styrkane i Libanon tildelt Nobels fredspris, så han er også ein fredsprisvinnar.