nyhende
Flott debut i 1. divisjon
Sveibuen Thomas Kinn har seks kampar på å overtyde trenaren om at han er den beste målvakta i Mjøndalen. 23-åringen innleia med å halde buret reint i den første.
— Det kunne jo ikkje gått betre. Me fekk den starten me ønskte oss, seier Thomas Kinn.
23-åringen frå Sveio fekk sin A-lagsdebut for Mjøndalen i 1. divisjon måndag, då dei tok imot Kongsvinger heime på Consto Arena.
Sveibuen fekk ifølgje avisa Drammens Tidende ikkje all verda med utfordringar, men redda det som kom av forsøk frå gjestene frå Hedemarken.
Det enda med siger 1-0, og lokalavisa gav Kinn 6 av 10 mogeleg poeng på sin spelarbørs frå kampen.
— Kva betyr det for deg som ny målvakt i Mjøndalen å unngå baklengsmål i debuten?
— Det er noko eg tek med meg vidare. Men det viktigaste av alt er at laget tok tre poeng, seier han.
Vil til eliteserien
Mjøndalen hadde lenge eit håp om å berge plassen i eliteserien i fjor, men rykte ned til slutt.
Dei vil tilbake så fort som råd er.
— Me må vere så tøffe og seie at det er opprykk som er målet, seier han.
Då trengst det knallhard jobbing heile sesongen. Obos-ligaen, som det heiter på sponsorspråket, er beinhard. Det er mange som vil opp og spele mot Bodø/Glimt, Viking, Rosenborg, FK Haugesund og dei andre topplaga.
— Det er jo «kokosligaen» dette. Eg har inntrykk av at alle satsar hardt og vil opp til eliteserien, ler Kinn.
Starta i Sveio IL
Thomas Kinn starta med fotball først som 10-åring, og rakk å få med seg éin sesong i Sveio IL før han følgde med sin dåverande trenar Helge Røksund til Djerv 1919.
Kinn blei tre sesongar hos «gylguttane» før neste stoppestad blei Vard. Der fekk han sin A-lags-debut allereie som 16-åring, og var Vard sitt førsteval i mål frå han var 17 år.
Då han flytta til Mjøndalen i januar i år, hadde han sju sesongar bak seg i Vard.
— Tidspunktet var rett for meg, med tanke på å ta eit steg vidare. Eg hadde vore lenge i Vard, seier han.
Kinn seier at han har kome til ein ny «familieklubb», og meiner likskapane med Vard er fleire. Og han skryt av trenaren, den profilerte og særs rutinerte trenaren Vegard Hansen, Vikersund-mannen som har tatt fått på sin syttande (!) sesong som Mjøndalen-trener.
— Vegard kjenner alle og veit alt om alle i Mjøndalen. Og han føyer seg jo elles inn i ei lang rekke med gode trenarar eg har hatt i min karriere, seier Kinn.
Supporterklubben «3050» imponerer han også.
— Dei veit vel enno knapt kven eg er, men for meg var det i alle fall heilt magisk å spele med dei i ryggen på måndag, seier han.
— Har du fått din eigen song allereie av fansen, kanskje?
— Nei, i alle fall ikkje etter det eg høyrde, ler han.
Konkurrent utestengd
I kampen om målvaktplassen i Mjøndalen er det Sosha Makani (35) som er den største utfordraren. Men i mars i år blei det klart at Makani fekk seks kampars karantene, etter at han vart funnen skuldig i å ha brote fotballforbundet sine reglar som hindrar fotballspelarar å sette pengar i kampar som involverer sitt eige lag.
Han blei samstundes frikjent for skuldingar om kampfiksing.
Men doms- og sanksjonsutvalet fann det bevist at Makani hadde plassert pengespel på ni Mjøndalen-kampar i eliteserien der han var i lagoppstillinga, samt tre kampar der han ikkje var i kamptroppen. I elleve av dei tolv kampane plasserte Makani pengespel på positivt sportsleg utfall for Mjøndalen. Han var ikkje i kamptroppen i kampen han plasserte pengespel mot eige lag.
Makani har fått lov å delta på trening, og Thomas Kinn skryt av dei sportslege kvalitetane til kollegaen og konkurrenten.
— Nokon held Makani som den beste målvakta i 1. divisjon, og eg har ekstremt mykje å lære av ein så rutinert spelar, seier Kinn.
— Kva trur du om mogelegheita for at du har kapra målvaktplassen frå han etter dei neste fem kampane?
— Det hadde vore kjekt. Eg må berre jobbe hardt, så får vi sjå kva trenarane ønskjer etter kvart, seier han.
Utlandet er draumen
I første omgang har Kinn kontrakt med Mjøndalen ut 2024-sesongen. Det er utlandet som er den store draumen. Og gjerne for favorittklubben Arsenal. Thomas skuldar på pappa, og Haukås Bensinstasjon-eigar Thor Kinn, for at det blei London-klubben som skulle bli hans favoritt.
— Det hadde ikkje vore feil å stå i mål for Arsenal. Men eg er klar til å gjere mitt beste uansett kven eg speler for, understreker han.
Men førebels trivst han godt i Nedre Eiker, like utanfor Drammen. Der leiger han og sambuaren, Eirun Gjerdevik frå Norheim på Karmøy, ei leilegheit som ligg eit par utspark frå stadion, og med utsikt over nesten heile Eiker-bygda. Sambuaren har fått seg fast jobb i ein klesbutikk i nærleiken, og dei trivst godt.
— Kva gjer du når du ikkje speler fotball?
— Då finn eg på ting saman med sambuaren min. Også er det ikkje til å kome frå at det blir litt FIFA-speling (fotballspel, red. merknad) på dataen, ler han.
Heime i Sveio har dei fleste av kompisane frå barndomen flytta vekk. Men pappa Thor har han hyppigast kontakt med.
— Me snakkar ofte saman, fortel han.
Thor Kinn var også til stades då sonen debuterte for Mjøndalen måndag.
Førstkomande måndag reiser Mjøndalen til Kristiansand for å møte ambisiøse IK Start på Sør Arena.
— Det blir nok ein bra test på kor me står, seier Kinn, og minner om at Mjøndalen slo Start 1-0 i siste treningskamp før sesongstart.