nyhende
Flokehyttene stadig like populære
To år etter opninga er Flokehyttene på Ryvarden like populære som då dei opna.
Du skal vere på hogget, og følgje med på eventuelle avbestillingar, om du skal sikre deg ei natt i ei av dei fem spektakulære Flokehyttene på Ryvarden.
— Me slit ikkje med belegget, for å seie det slik, seier Lotte Størksen i Haugesund Turistforening.
Flokehyttene opna i oktober 2020. Sidan då har turistforeininga si avdeling i Haugesund nesten dagleg svart på telefonar frå folk som seier at dei ikkje får til å bestille overnatting på Flokehyttene på internett.
— Når me sjekkar, så er det jo fordi det er fullt at dei ikkje har fått det til, seier ho.
Per dags dato er det lagt ut overnattingsdøgn til og med juni 2023. Eit søk på sida syner at alle helger er fullbooka i heile den perioden.
— Innimellom kjem det kanselleringar, gjerne frå folk som har bestilt lang tid i forvegen. Så om ein har mogleik til å bestille tur på kort varsel, så kan det hende ein er heldig, seier ho.
7.000 overnattingar
Ho anslår at om lag 7.000 store og små har overnatta i Flokehyttene fram til no. I ei pressemelding som DNT sentralt sende ut fredag, går det fram at Flokehyttene er blant hyttene kor dei merkar større interesse for i 2022 enn i fjor.
— Det me synast er gøy, er at det ikkje ser ut til å berre vere ein «hype». For det er mange av dei som har vore der, som bestiller ny overnatting, seier Størksen.
— Kva trur du er årsaka til at desse hyttene er så populære?
— Det er jo spektakulært å sitte i vinduskarmen og sjå utover havet, slår ho fast.
Flokehyttene har elles støtt gjennom fleire stormar.
— Me kan slå fast at det er gjort godt grunnarbeid, seier ho.
Ho skryt også av DNT sin dugnadsgjeng, som alltid står klare til å rykke ut til Ryvarden om det skulle vere behov for det, og som ser etter at alt er som det skal vere i hyttene.
Fine alternativ
Skulle du vere veldig gira på å leige kystnær DNT-overnatting på Haugalandet, så finst det i alternativ til Flokehyttene.
Til dømes i Nordgården på Utsira og på Geitungen fyr ved Skudeneshavn.
Og i juni opna Villa Vibrandsøy i Haugesund. Det er eit gamalt hus, blant haugesundarar mest kjent som Knutsen-villaen. Den er kjøpt og rusta opp av Haugesund Turistforening, og er blitt eit bynært DNT-tilbod med 28 sengeplassar, fordelt på 5 soverom og eit uthus.
— Der er det betre kapasitet enn på Flokehyttene, forsikrar Lotte Størksen.
For å kome til Vibrandsøy reiser du med rutebåtane som går mellom Haugesund, Feøy og Røvær.
Haust i fjellet
For mange er det fjellet som lokkar når hausten står for døra. Og Haugesund Turistforening kan mellom anna lokke med Olalihytta, på kommunegrensa mellom Etne og Vindafjord. Den har vore bemanna, og hatt opent med servering dagleg i sommar, fram til og med denne helga. (12-14. august).
— Frå og med no blir det open restaurant der i helgene. Men også kvar dag i veke 41, som er haustferie for skulene i regionen, opplyser Størksen.