nyhende
Flokehyttene er i rute
Byggjeprosessen av Flokehyttene går som planlagt, sjølv om vindkulene ute ved Ryvarden til tider har vore så kraftige at arbeidet har måtta stansa.
– Me blei litt forseinka på oppstarten i mars, men utanom det har prosjektet gått som planlagd. Får me god drift gjennom sommaren skal hyttene står ferdig i slutten av august som planlagt, opplyser prosjektleiar Rolf Svendsen i Haugesund Turistforening (HT).
Det var i midten av januar at HT gjekk i gong med grunnarbeidet. Hyttene er bolta fast i berget på stylter og plassert så høgt at det er trygt for vêr og vind, men så lågt at det gir panoramautsikt og sjøsprøyt frå Bømlafjorden.
Fem hytter er under arbeid. Hytta lengst mot vest er dobbel og bygd for forflyttingshemma. Ei sjette hytte, som er planlagt litt lenger aust, er ikkje påbegynt.
– Me håpar å få bygd den sjette hytta også i denne omgangen, men me held litt tilbake til me veit korleis me kjem ut økonomisk, fortel Svendsen.
30 overnattingsplassar
Prosjektet som gir 30 overnattingsplassar, kostar rundt 13 millionar kroner, og er støtta av Sveio kommune, Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftelsen SR-bank, i tillegg til ein generøs privat givar.
Det er arkitekt Roald Bø i Holon, tidlegare Opus Arkitekter, som har stått for prosjektering og teikning av hyttene. Svaberga med sine sprekker og groper har gitt premissane for utforminga, hyttene skal bli lite visuelt synlege i berga.
Hyttene begeistrar
HT har hausta stor begeistring for prosjektet både heime og nasjonalt. Men til alle som ønskjer seg ei unik oppleving i havgapet på Ryvarden, må venta enda litt før dei kan bestilla hytte.
– Me får jamleg førespurnad frå folk som vil bestilla overnatting, men ingenting er lagt ut på våre heimesider ennå. Me ønskjer ikkje å ha fullbooka noko før me er heilt sikre på når hyttene står ferdige, seier prosjektleiaren.
Han håpar no at våren og sola vil gjera byggjearbeida lettare. I tillegg håpar han på god drift, og med det meiner han god levering på bestilte varer, deriblant dei store panoramavindaugo som pregar fronten i dei minimalistiske hyttene.