nyhende

Fleire av dei frammøtte på rapportlaseringa tysdag hadde kledd seg i bunad. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK
Fleire av dei frammøtte på rapportlaseringa tysdag hadde kledd seg i bunad.

Flest unge menn kjøper utanlandssydde bunader

45 prosent av norske bunader blir sydde i utlandet og det er flest menn som skaffar seg eit slikt festplagg. Mange ønskjer seg derimot ei norskprodusert nasjonaldrakt, går det fram av ny rapport.

Publisert Sist oppdatert

– Vi anslår at 45 prosent av norske bunader blir produserte i utlandet. Det er eit høgt tal, men kanskje ikkje så høgt som det høyrest ut – fordi det særleg er ein type bunad kjøpt av ei spesiell gruppe folk som utgjer ein stor del av den prosenten, sa historikar og rapportforfattar Mette Vårdal då rapporten «Bunad nå! Status 2025» nyleg blei lagt fram.

Menn kjøper utanlandsk

Dei siste åra har det vore mange debattar om utanlandsproduksjon av nasjonaldraktene våre. Ein del har vore urolege for at kulturarven gradvis blir svekt når ein flyttar produksjonen og bunadssaumen ut av Noreg.

Særleg er det ei gruppe som kjøper dei utanlandsk-sydde bunadane.

– Menn mellom 20 og 40 år er dei som kjøper mest utanlandsk-produsert – og det gjer dei fordi dei kjøper konfeksjonsbunader. Den marknaden er ikkje stor i Noreg.

Konfeksjonsbunad betyr at ein masseproduserer bunader i enkelte storleikar i staden for å ta mål som passar kvart enkelt individ før ein syr.

– Det er denne nisjen i bunadmarknaden som står for ein stor del av utanlandsproduksjonen, sa Vårdal.

Interesse for bunadskurs

I rapporten kjem det òg fram at mange unge ønskjer å lære bunadshandverket. Heile 37 prosent av kvinnene som har bidrege til rapporten uttrykkjer vilje til å sy delar av bunaden sjølv, dersom dei får rettleiing. Dette samsvarar med auka interessa for bunadkurs i regi av frivillige organisasjonar.

– Ein av tre vil sy sjølv, men det er ikkje nok til at kunnskapen lever i samfunnet. Det er altfor få som syr til at handverket blir tilgjengeleg av seg sjølv. Vi er avhengige av kurs – slik at dei som vil kan lære. Dei frivillige organisasjonane som tilbyr kursing er berarar av kunnskapen, sa Vårdal.

Om rapporten:

  • «Bunad nå! Status 2025» er utarbeidd av Mette Vårdal på oppdrag frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum, Noregs Husflidslag, Noregs Ungdomslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
  • Rapporten byggjer på to Norstat-undersøkingar, ei undersøking av arbeidsgruppa bak rapporten og ei undersøking gjennomført av rapportforfattaren.

(©NPK)

Mette Vårdal har forfatta den nye bunadsrapporten. Sjølv eig ho 13 bunader, men hadde ikkje ikledd seg nokon av dei tysdag.
Menn mellom 20 og 40 er den gruppa som bidreg mest til at til at det blir selt 45 prosent utanlands-produserte bunader i Noreg.
Medlemmer i Stortingets Familie- og Kulturkomite i samtale med generalsekretær Magni Hjertenes Flyum i Noregs Ungdomslag.
Powered by Labrador CMS