nyhende
Flest påkøyrde hjortedyr på E39
No blir det observert ein del hjortedyr nær vegane i Sveio. Så langt i år er det registrert 28 fallvilt i kommunen, og nesten alle er påkøyrde. Også to otrar.
Torsdag føremiddag var mellom andre viltansvarleg i Sveio kommune, Dagfinn Bjørge, på befaring ved Fv. 47 i Vågedalen. Eit rådyr hadde måtte bøta med livet, og det var liten tvil om at det var ein påkøyrsel.
– Dette blei ikkje meldt inn av vedkommande som hadde køyrt på dyret, men ein nabo som tilfeldig oppdaga det. Han ringte inn funnet onsdag ettermiddag og merka det med ein pose slik at det blei lett for oss å finna det, fortel Bjørge.
Du har plikt til å melda frå
Alle kan vera uheldige og køyra på dyr, og du blir ikkje straffa på noko vis. Men å ikkje melda frå er faktisk straffbart.
– Det viktigaste med å melda frå er dyrevelferd. At me så snart som mogeleg kan få vurdert tilstanden eller setta i gong ettersøk. Om ikkje dyret er daudt, vil det trekka seg unna etter ein påkøyrsel. Då kan det bli liggande og pinast ihjel. Dette aktuelle rådyret ser ut til å ha døydd momentant, men ein har likevel plikt til å melda frå. Det er så enkelt at du ringer til politiet på 02800, minnar Bjørge om.
26 hjortevilt og to otrar
Så langt i år er det registrert 28 fallvilt i Sveio. Som regel er påkøyrsel årsaka. Dyra er fordelt på 18 rådyr, 8 hjort og 2 oterar. To av hjortane blei ikkje funne med ettersøk, men funn på kollisjonsstaden indikerer at det var hjort. Ein av hjortane blei funne drukna.
Rådyrpåkøyrslane fordeler seg i heile kommunen, men det er på E39 flest dyr blir påkøyrde. 7 rådyr og 4 hjortar så langt i år. Den siste hjorten mellom Fjontunnelen og avkøyrsla til Fjon tysdag kveld. På landsbasis blir over 9.000 hjortedyr påkøyrde i året.
– No blir det observert mange rådyr i heile kommunen, og meir hjort enn vanleg beitande opptil vegane. Flokkar opp i 10-14 dyr, og til og med ein hjortebukk midt i vegen. På denne tida påverkar mellom anna parring korleis dyra oppfører seg, og me oppmodar folk om ha augene med seg når dei er ute og køyrer, seier Bjørge.
Mørketal og skilting
Noko som går igjen er at ein god del av dyra blir påkøyrde av bilistar som er på gjennomreise i Sveio. Bjørge trur også at det spelar inn på mørketala på rundt 10 prosent, altså påkøyrsler som ikkje blir meldt.
– Det heng nok saman med at dei som bur her gjerne veit kvar rådyr og hjort kan opphald seg og er meir medvitne når dei er ute og køyrer, meiner Bjørge.
Eit godt tips er å bruka fulle lys så mykje som du kan. Då vil du både kunna sjå auger på lang avstand og oppdaga at dyra spring over vegen før du kjem tett på dei.
Ut frå påkøyrslane blir det kvart femte år vurdert kvar det skal stå varslingsskilt. Bjørge fortel at det kan bli aktuelt å setta opp blinkande skilt nord i Sveio der hjortebestanden er størst.
Veldig mykje flått
Bjørge har eit siste innspel til sveibuane:
– På rådyret me sjekka torsdag var det ekstremt mykje flått. Han som var med måtte plukka av seg 10-12 flått på handa berre etter å ha løfta litt på foten til dyret. Rådyr går gjerne inn i hagar, og det kan vera lurt å følga litt ekstra med på både folk og husdyr om ein får ofte besøk av hjortedyr.