nyhende

Flemming Pedersen har vore på det norske landslaget i 20 år og konkurrerar innan dynamisk pistolskyting. Her under øving på skytebana heime i Førde.
Flemming Pedersen har vore på det norske landslaget i 20 år og konkurrerar innan dynamisk pistolskyting. Her under øving på skytebana heime i Førde.

Flemming (62) er heidra med Forsvarsmedaljen

Flemming Pedersen, tidlegare europameister i pistolskyting blei nyleg tildelt medalje for sitt arbeid som skyteinstruktør i Forsvaret.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er audmjuk og takksam over å ha blitt tildelt Forsvarsmedaljen. For meg er det kjekt å sjå tilbake på at eg har vore med i prosessen med å auka tryggleiken i Forsvaret, kommenterer Flemming Pedersen.

Spisskompetanse

62-åringen har spisskompetanse på eit snevert felt, nemleg pistolskyting. Han er opphavleg dansk, kom til Haugesund i 1980, og har dei siste 14 åra budd i Sveio.

– Det er fantastisk at eg har fått lov til å bidra. Min kompetanse gjekk utelukkande på det skytetekniske, det har ingenting med det taktiske å gjera. Men eg er i stand til å definera teknikkane og korrigera når nokon gjer feil, seier medaljemottakaren.

Trenar i eigen skog

Alt som 12-åring byrja han å skyta, og i dag kan han sei utan å skryta, at han er blant dei ti beste i Noreg uansett alder når det gjeld pistolskyting. Som 62-åring er ambisjonsnivået mindre, men han har på ingen måte lagt pistolen på hylla.

– Trening må til for å halda skytinga ved like, og eg held stadig på, seier Pedersen som har sin eigen skog i Førde der han driv med sporten.

Bidratt til å redda liv

Det var kommandersersjant Øystein Lütcherath i HV-02, med bakgrunn frå Etterretningsbataljonen, som tok initiativ til at Pedersen skulle motta Forsvarsmedaljen. Avdelinga brukte han som innleigd skyteinstruktør frå 2002, i ein periode prega av operasjonar i Afghanistan.

– Det har oppstått eit stort nettverk med personar som har blitt utdanna av Flemming. Han er ikkje berre ein god skyttar, han er også flink til å vidareformidla denne kunnskapen. Det gjer han til ein unik instruktør, fastslo Lütcherath i sin tale under prisutdelinga.

Flemming Pedersen blei brukt for å utdanna operatørar og instruktører, og har i stor grad bidratt til utviklinga av skytefaget, ikkje berre i Etterretningsbataljonen og spesialstyrkane, men i heile Forsvaret.

– Det har gjort at soldatane har halde eit høgt fagleg nivå i ein periode med omfattande deployeringar til Afghanistan. Eg vil påstå at denne treninga har bidratt til å redda norske liv i stridshandlingar, seier Lütcherath.

Sa ja under tvil

I 1993 arbeidde Pedersen i ein våpenforretning i Drammen då han fekk spørsmål om å undervisa i Forsvaret. Han var skeptisk, men svara likevel ja. Eit par veker seinare møtte han opp på Trandum leir.

– Ein av grunnane til at Forsvaret leigde inn meg var at mange av dei som hadde mest kompetanse innafor pistolskyting var på oppdrag i utlandet. Eg hadde også skrive grunnlaget for utdanningsprogrammet innan pistolskyting for Politihøgskolen. Det kunne Forsvaret basera vidare utdanning på, fortel Pedersen.

Flott miljø

Men skyteundervisninga i Forsvaret, spesielt innafor pistol, var ikkje særleg godt systematisert då han starta. Ulike avdelingar hadde forskjellige oppfatningar av korleis det skulle gjennomførast.

– Mange av dei tinga eg kunne bidra med som sivil skyttar, var ikkje overførbart til ein militær samanheng. Det handla mykje om å systematisera undervisning og definera dei enkelte skyteteknikkane, forklarer den treffsikre sveibuen.

Han beskriv eit fantastisk flott miljø å stifta bekjentskap med, og der han har fått mange gode venner gjennom sin jobb i Forsvaret.

Forsvarsmedaljen

Forsvarsmedaljen kan bli tildelt millitært og sivilt personell som har gjort teneste til saman 25 år i Forsvaret. Medaljen kan også bli tildelt norske og utanlandske personar, i og utanfor Forsvaret, og som på ein særleg måte har bistått det norske forsvar. Medaljen blir tildelt på vegne av forsvarsjefen.

Flemming Pedersen har vore med på det norske landslaget i over 20 år der han har konkurrent i dynamisk pistolskyting. Merittlista inneheld forutan eit gull i europamesterskapet i 1992, og 10 noregsmeistertitlar i pistol, samt to med rifle. Sjølv om han har blitt 62 år og delvis pensjonert, held han framleis enkelte kurs for Forsvaret.
Powered by Labrador CMS