nyhende
Fleirtal for rask kompensasjonsordning til Kielland-offera
Stortinget gir tommel opp for at regjeringa innan mars må ordna kompensasjon for offera etter Kielland-ulykka. Arbeidarpartiet var einaste parti som stemde mot.
Forslaget må liggja på bordet innan mars neste år, ifølgje det ferske stortingsvedtaket, som vart gjort med 69 mot 32 stemmer.
Både Høgre og Frp stemde for. Arbeidarpartiet var det einaste partiet som stemde mot.
I juni vedtok Stortinget med knapt fleirtal ei særskild kompensasjonsordning for overlevande og etterlatne etter Alexander Kielland-ulykka 27. mars 1980.
Forslaget frå Senterpartiet og Raudt medførte altså at dette må komma på plass innan mars 2026.
Bustadplattforma Alexander L. Kielland på Ekofiskfeltet i Nordsjøen kantra då eitt av beina vart rivne av i høg sjø. 123 av dei 212 om bord omkom, medan 89 vart redda.
Ansvarsfordeling etter ulykka – og spørsmålet om ei erstatning til dei overlevande og etterlatne – har vore ein verkebyll i norsk politikk i fleire tiår.