nyhende

Eit fleirtal av nordmenn er for norsk kjernekraft. Her atomkraftverket Grohnde ved Emmerthal i nordvestlege Tyskland. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Eit fleirtal av nordmenn er for norsk kjernekraft. Her atomkraftverket Grohnde ved Emmerthal i nordvestlege Tyskland.

Fleirtal for atomkraft i Noreg

Eit knapt fleirtal i befolkninga er samd i at Noreg bør byggje ut kjernekraft, viser ei spørjeundersøking frå Opinion.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: – For eit land som ikkje har tradisjon for atomkraft er det overraskande at eit fleirtal no har vorte positiv til utbygging av kjernekraft, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Ifølgje undersøkinga er 51 prosent samde i at Noreg bør byggje ut kjernekraft. 37 prosent er usamde, medan resten veit ikkje.

Framstegspartiets veljarar er aller mest positive til kjernekraft (73 prosent), tett følgt av veljarane til Venstre (63 prosent), Høgre (58 prosent), Raudt (52 prosent) og Miljøpartiet Dei Grøne (49 prosent).

– Alt frå straumpris til klimakrise er argument som blir trekte inn for kjernekraft, og dette treffer breitt uavhengig av politisk ståstad, seier Clausen.

Veljarane til Senterpartiet og SV er mest negative. Dette er dei einaste partia på Stortinget med overvekt av veljarar som er mot norsk kjernekraft.

Undersøkinga er gjennomført i eit landsrepresentativt utval av befolkninga på 1003 personar i veke fire i januar 2023, skriv Opinion.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS