nyhende
Fleire vitne til promillekøyring
Fredag kveld rykka politiet ut til ein daglegvarebutikk i Sveio grunna melding om ruspåverka køyring.
– Politiet fekk melding om ein bil dei mistenkte å køyra i ruspåverka tilstand, seier Dan Magne Gaard, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Om lag klokka 20.00 fredag kveld vart politiet varsla om sjåføren.
— Det er fleire vitne som reagerer på denne bilen, som sto utanfor ein daglegvarebutikk i Sveio, seier Gaard.
Politiet rykka ut og tok kontroll på vedkomande. Fleire vitne kunne fortelja at det var sjåføren som køyrte til staden. Politiet sikra seg også video frå butikken.
Annonse
Førarkortet vart beslaglagt, og politiet har oppretta sak.