nyhende

Fleire vil ha norsk ved

Trond Magnar Orvedal synest å merka ein trend at folk vil ha norsk ved igjen, og at dei er villige til å betala det den kostar.

Publisert Sist oppdatert

Ved frå Aust-Europa har lenge gjort det vanskeleg for norske vedprodusentar. Folk stikk heller innom ein bensinstasjon eller supermarknad og får med seg eit par vedsekkar i bilen i same slengen som dei handlar andre ting.

Avventa salet

Trond Magnar Orvedal fortel han ikkje er interessert i å gje vekk ved gratis. Ei tid hadde han stort vedlager, men avventa med å selja då prisane var for låge. Dei to siste åra, derimot har han opplevd at trenden har snudd, og at prisane har vore akseptable.

Trond Magnar Orvedal og sonen Heine held varmen medan dei produserer neste års ved. Deira erfaring er at den norske vedmarknaden dei siste åra har fått litt betre kår.

– No har eg seld ut mesteparten av vedlageret, og det til ein pris eg er nøgd med, seier Orvedal.

Av tørrved har han berre litt granved igjen, elles har han for sal ein god del nykløyvd ved, både bjørk- og blandingsved. Denne veden er litt rimelegare, då kunden må belaga seg på å tørka han sjølv.

Triveleg og nødvendig

Orvedal driv hogst på Tveita og Drange. Han er sauebonde og har også arbeid utanom garden. Sveibuen tykkjer skogsarbeid er ein triveleg vinteraktivitet, og ikkje minst nødvendig for at landskapet ikkje skal gro igjen. Sonen Heine Orvedal er ofte med og hjelper far sin.

– Greit å tena nokre kroner, og kjekt å jobba med pappa, kommenterer den arbeidsvillige 14-åringen.

Over all forventning

Også Odd Andreas Rydningen seier seg godt nøgd med årets vedsal: 300 sekkar á 40 liter, 200 sekkar á 60 liter, og eit par sekkar på 1000 liter forsvann i ein fart.

Saman med William Lønning driv han produksjon og sal av ved, med varelager på Rød og Rophus. I fjor hadde dei to kompisane litt ved igjen då sesongen var slutt, i år har det gått over all forventning.

– Det har vore heise, me vart utselde alt i byrjinga på nyåret. Hadde me visst at det skulle bli eit vedår, skulle me produsert enda meir, fastslår Rydningen. No er kompisane alt i gong med ny produksjon.

Powered by Labrador CMS