nyhende

Stortinget har vedteke ei aldersgrense på 16 år for kjøp av energidrikker. Fleire, blant dei Legeforeininga, vil ha 18-årsgrense. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Stortinget har vedteke ei aldersgrense på 16 år for kjøp av energidrikker. Fleire, blant dei Legeforeininga, vil ha 18-årsgrense.

Fleire vil ha 18-årsgrense for energidrikk

Eit forbod mot sal av energidrikk til barn har vore på høyring. Regjeringa har foreslått ei aldersgrense på 16 år, men fleire aktørar ber om 18-årsgrense.

Publisert Sist oppdatert

Legeforeininga, Tannlegeforeininga, fylkeskommunar, kommunar og Folkehelseinstituttet vil alle ha ei aldersgrense på 18 år. Det kjem fram i høyringssvara, skriv NRK.

Forbrukarrådet støttar forslaget om 16 år, men meiner det bør vurderast aldersgrense på 18 år på sikt.

I 2023 vedtok Stortinget 16 års aldersgrense for kjøp av energidrikker, og i mars i år sende regjeringa eit forslag på høyring.

Legeforeininga meiner risikoen for helseskadar er store ved at unge drikk energidrikkar.

– Det er fagleg gode grunnar til å seia at 16 års aldersgrense er for lågt. Me bør ha 18-årsgrense fordi det dreier seg om unge hjernar i utvikling, og me veit mykje om skadeeffekten av stoffa som energidrikker inneheld, seier Ståle Onsgård Sagabråten, spesialist i allmennmedisin og leiar av Legeforeiningas fagstyre.

Powered by Labrador CMS