nyhende

Fleire søkjer sjukepleie på høgare utdanning.
Fleire søkjer sjukepleie på høgare utdanning.

Fleire vil bli sjukepleiarar, færre lærarar

Det er 900 fleire som har sjukepleie som førsteval i søknaden sin til høgare utdanning enn i fjor, viser nye tal frå Samordna opptak.

Publisert Sist oppdatert

Til saman har 142.416 personar søkt høgare utdanning via Samordna opptak, ein auke på 4,7 prosent, skriv regjeringa i ei pressemelding.

9.943 personar har søkt sjukepleie på førsteplass, mot 9.012 året før. I toppåret 2018 var det heile 15.789 førsteplassøkjarar til faget. Det blir tilbode 5.419 studieplassar innan sjukepleie, skriv Samordna opptak i faktanotatet sitt.

Sjølv om pendelen snur for sjukepleie etter fleire års nedgang, er det størst auke for historie, økonomi og samfunnsvitskap.

Færre vil bli lærarar

Det var berre 5,8 prosent som hadde lærarstudiar på førsteplass, ein klar nedgang. Nedgangen i absolutte tal er frå 8.600 i fjor til 8.235 i år. Det er også litt færre studieplassar innan lærarutdanninga.

Flest førstevalssøkjarar er det på rettsvitskap med oppstart haust ved Universitetet i Oslo. Her har heile 2.102 søkjarar valt det på førsteplass og kastar seg inn i kampen om 224 studieplassar. Flest førstevalssøkjarar per studieplass har ein i «Business, economics and data science – siviløkonom» ved Noregs handelshøgskole, der det er 1101 førstevalssøkjarar på 50 studieplassar. Det betyr heile 22 søkjarar per plass.

60 prosent kvinner

60,1 prosent av søkjarane er kvinner, noko som er om lag det same som året før. Innan helsefag er det heile 77,3 prosent kvinner, innan pedagogiske fag 74,5 prosent. Menn er i overtal innan økonomi og administrasjon, idrett, informasjonsteknologi og teknologifag.

Powered by Labrador CMS