nyhende

Fleire og fleire unge ønskjer å gå tur i fjellet i sommar, ifølgje DNT. Blant hyttene deira er Rabothytta på Helgeland, den høgast liggjande i Nord-Noreg på 1200 meter over havet. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Fleire og fleire unge ønskjer å gå tur i fjellet i sommar, ifølgje DNT. Blant hyttene deira er Rabothytta på Helgeland, den høgast liggjande i Nord-Noreg på 1200 meter over havet.

Fleire unge vil til fjells i sommar

Fleire unge vil gå tur i fjellet i sommar, ifølgje Den Norske Turistforening (DNT), som har sett ein stor vekst i talet på medlemmer under 30 år.

Publisert Sist oppdatert

– Det er veldig gøy å sjå så mange turgåarar under 30 år på hyttene våre, og at det aukar, seier generalsekretær Tor Kåpvik i DNT.

Dei siste medlemstala til DNT viser ein stor vekst i aldersgruppa 26–30 år. Endå høgare er auken i aldersgruppa 19–25 år, der veksten er 6,7 prosent frå same tid i fjor.

Aldri før har DNT-hyttene hatt så mange bestillingar før sommarsesongen. Interessa er stor for heile sommaren, på hytter både ved kysten, i skogen og til fjells, fortel Kåpvik.

Det er framleis ledig plass på hyttene i fjellet.

– Dei som lengtar etter sommar i fjellheimen, bør reise no. Juni er praktfull til fjells med kontrasten av blomstrande og eirgrøne dalar og snø på toppane. Dette er også ei tid då dei fleste framleis jobbar, og dermed er det mindre folk på tur, seier Kåpvik.

Powered by Labrador CMS