nyhende
Fleire til nattverd i Sveio
Årsrapporten til Sveio kyrkjelege fellesråd viser at det er bra oppslutnad om gudstenestene i Sveio sokn og at fleire enn før deltek ved nattverd.
Aktiviteten i Sveio sokn er aukande. Tal frå kyrkjestatistikken viser at det i 2019 har vore 51 gudstenester med i gjennomsnitt 124 deltakarar. Av desse har 23 vore nattverdsgudstenester med i gjennomsnitt 44 nattverdsgjester. Dette er ei auke med 31,6 prosent frå 2018. Andre tal frå i fjor: Konfirmantar: 39, kyrkjelege vigslar: 1, gravferder: 17, gudstenester ved dåp: 16. Kyrkjeoffer i Sveio sokn utgjer 165.731 kroner.
– Sveio sokneråd gler seg over at det er stor oppslutnad om gudstenestene i Sveio sokn og at dei fleste medlemmene i kyrkja let borna sine bli døypte. Det er også gledeleg med over 30 prosent auke i deltaking ved nattverd mellom 2018 og 2019. Etter Korona pandemien kom i mars månad har også kyrkjeleg aktivitet endra seg. Eg har fått meldingar om at gudstenester med nattverd saknast. Derfor er det også lagt inn ei ekstra gudsteneste 28. juni i Sveio kyrkje, kommenterer Bent Rune Sinnes, leiar Sveio sokneråd.
Stor prosentandel er tilslutta
Blant innbyggjarane i Sveio sokn er rundt 84 prosent medlemmer i Den norske kyrkja. Soknet har 3.073 medlemmer med følgjande aldersfordeling: 883 personar (0-19 år), 349 (20-29 år), 589 (30-44 år), 666 (46-64 år), og 588 (65+).
Viktig rolle
Kyrkja har ei viktig rolle i bygda. Dette blir blant anna stadfesta ved barnekora sine konsertar, oppslutninga om konfirmasjon, og kyrkjelyden sin julekonsert.
Oversikt over aktivitetar for Sveio sokn speglar tiltak for barn og unge i Sveio sokn. Plan for trusopplæring, kordrift, kyrkjemusikktenesta og Kidshouse er dei berande tiltaka, ifølgje årsmeldinga.
Årsmeldinga omhandlar ikkje Sveio soknehus og Gjenbruksløa, som begge er organiserte i eigne verksemder.
Styremedlemmer
Sveio sokneråd har fylgjande samansetning for perioden oktober 2019/2023: Bent Rune Sinnes (leiar), Trond Widar Våga (nestleiar), Anne Vierdal, Astrid Furdal, Elise de Winter, Haldis Økland Lier, Inger Skogland, Johannes Flatnes, Kristi Tveitaskog, Leiv Rossehaug, Lin Hege Enge, Runar Larsen (permisjon), Torhild Matre og Gisle Sørhus (geistleg medlem). Leiar og nestleiar er valde for eitt år.