NPK-NTB: I alt 14 grisebesetningar er ramma av smitten, skriv Nationen. Salmonellabakterien vart først påvist på eit Nortura-slakteri i byrjinga av april. Forutan besetninga der dette dyret kom frå, har Mattilsynet bandlagt 13 besetningar til som kan ha vore i kontakt med den første.
I primærbesetninga er det planlagt og allereie sett i verk sanering av alle dyra.
– Høgdrektige purker vart avliva på garden og sendt til destruksjon. Smågris blir avliva i løpet av veka. Resten av purker, ungpurkar og slaktegris blir planlagt sanitetsslakta, seier avdelingssjef Kristin Lervåg i Mattilsynets avdeling Sunnhordland og Haugalandet til avisa.
Det vart funne Salmonella Typhymorium, den tredje vanlegaste Salmonella-varianten som blir påvist hos menneske i Europa, i avføringsprøvane til 8 av dei 69 prøvene som er tekne frå primærbesetningen. Vidare har Mattilsynet sterk mistanke om smitte i to av dei bandlagde besetningane, og det er påvist negative prøver i fem andre. I fire besetningar har ikkje Mattilsynet fått svar på prøvene som er tekne.
Ingen av dei bandlagde besetningane kan selje eller kjøpe gris, og det blir teke prøver for å hindre at kjøtt med salmonellasmitte kjem på marknaden.