nyhende

Statsminister Jonas Gahr Støre, helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna under valkampstarten. No lek statsrådane litt frå neste års statsbudsjett, der dei vil setje av pengar til rekruttering til helsesektoren. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK
Statsminister Jonas Gahr Støre, helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna under valkampstarten. No lek statsrådane litt frå neste års statsbudsjett, der dei vil setje av pengar til rekruttering til helsesektoren.

Fleire skal freistast til helsesektoren – regjeringa set av 125 millionar kroner til tiltak

Helse- og omsorgssektoren står framfor eit skrikande behov for arbeidskraft framover. Neste år vil regjeringa setje av 125 millionar kroner til rekruttering.

Budsjettlekkasjen kom frå arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) og helseminister Jan Christian Vestre (Ap) som besøkjer Marka helse- og omsorgssenter på Gran i Innlandet fredag.

Midlane skal gå til eit nytt rekrutteringsprogram for helse- og omsorgssektoren retta spesielt mot unge som verken er i arbeid og utdanning.

Kunngjeringa kjem samtidig som Nav slepper tal som viser at 114.000 unge står utanfor arbeidslivet.

Vil finansiere rettleiarar

Dei to statsrådane trur det kan bli ein fin match – målet er å sluse unge inn i arbeidslivet, samtidig som svært velkomne helse- og omsorgsoppgåver blir varetekne.

I forslaget til statsbudsjettet for neste år vil regjeringa derfor setje av 125 millionar kroner til tiltaket. Dei skal innrettast mot eit rekrutteringsprogram slik at både Nav og den kommunale helsetenesta får dei nødvendige ressursane til å delta i programmet.

– Vi vil finansiere rettleiarar for dei som blir rekrutterte inn, slik at dette ikkje blir ei tilleggsoppgåve for dei tilsette i kommunal helse- og omsorg, skriv Brenna og Vestre i ei pressemelding.

Det er oppgåver som ikkje må løysast av til dømes legar og sjukepleiarar, som i større grad bør løysast av andre yrkesgrupper, meiner regjeringa.

– Dekkjer ikkje behovet åleine

Dei neste 15 åra vil det bli behov for 100.000 fleire tilsette innan pleie og omsorg, ifølgje framskrivingar.

– Det vil gi fleire folk og framtidig fagkompetanse i eldreomsorga, men også meir tid til dagens helsepersonell som bruker for mykje av tida på oppgåver dei ikkje er tilsette til. Programmet dekkjer ikkje behovet åleine, men er ein del av planen for å dekkje behovet for bemanning i helse- og omsorg, ifølgje statsrådane.

Rekrutteringsprogrammet skal leggje til rette for at dei som er med kan få påfyll av ny kompetanse eller ta relevant utdanning.

Ifølgje pressemeldinga er det Nav som skal hjelpe til med rekruttering, jobbmatching og oppfølging via ein jobbspesialist. Kommunal omsorgsteneste skal stå for arbeidsplass, arbeidspraksis og fagleg opplæring og oppfølging.

Powered by Labrador CMS