nyhende

Overgrepa mot 14-åring:

Faksimile frå Vestavind 21. november 2024.
Faksimile frå Vestavind 21. november 2024.

Fleire saker ferdig etterforska

I sist veke blei ein Ap-politikar frå Sveio dømt for overgrep mot ein gut som var 14 år då dei straffbare handlingane skjedde. To andre saker ligg no på statsadvokaten sitt bord i påvente av avgjerd om tiltale.

Publisert Sist oppdatert

Dei to mennene som dette gjeld, er tiltalte for overgrep mot den same guten. Begge mennene er busette på Haugalandet, opplyser politiadvokat Else Saltveit Lokna i Sør-Vest politidistrikt til Vestavind.

Elleve mistenkte eller sikta

Lokna var aktor i straffesaka mot sveiomannen som nettopp er dømd. I alt har elleve personar status som sikta eller mistenkte for overgrep mot den same guten. Desse elleve kjem i tillegg til han som alt har fått dommen sin.

Dei sakene som framleis er under etterforsking er på ulike stadier i etterforskinga.

Det er også nokre saker som er ferdig etterforska og ventar på avgjerd om påtale. Nokre av desse kan avgjerast av påtalemakta i politiet, nokre må avgjerast av statsadvokaten. Det kjem an på kva straffebod som er brote, opplyser Lokna vidare.

Powered by Labrador CMS