nyhende

John Kristian Økland, Kristina Våge Ballard, Ole-Ørjan Hov og Ole Johan Sveen er fire av 25 folkevalde i kommunestyret i Sveio (ordføraren inkludert).
John Kristian Økland, Kristina Våge Ballard, Ole-Ørjan Hov og Ole Johan Sveen er fire av 25 folkevalde i kommunestyret i Sveio (ordføraren inkludert).

Fleire politikarar har tatt standpunkt om skulestruktur – fleirtalet avventar

Me sendte ut ein førespurnad til dei sju partia og dei to uavhengige, der me lurte på om dei alt no veit kva dei meiner om skulestruktur. Her er tilbakemeldingane me fekk:

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste har signalisert at dei ønskjer å ta den politiske debatten når saka kjem til politisk behandling, men nokre parti har alt tatt eit standpunkt om å behalda strukturen som den er i dag. Det gjeld mellom anna Sveio MDG.

– Me ønskjer å behalda skulestrukturen slik den er i dag. På same tid må me vurdera alle fakta som blir lagt fram, og gjera ei skikkeleg vurdering når rådmannen legg fram saka, skriv Ole-Ørjan Hov.

Meir vekst i krinsane

Sveio KrF er innstilt på å ta den politiske debatten på dei ulike alternativa når saka kjem til politisk behandling.

– Det kjem fram i rapporten at det skjer til dels store demografiske endringar i kommunen vår som me må ta stilling til. I tillegg veit me det blir behov for investeringar framover som me må ta omsyn til. Eg trur me i første omgang bør sjå på moglegheiter til å stimulera til meir vekst i dei krinsane der det er nedgang på elevtala, seier Jarle Jacobsen.

Svaret frå Rune Teikari i Sveio FrP fortel at også dei ventar til saka frå rådmannen kjem.

– Sjølv om me no har motteke ein rapport som peiker på spesifikke løysingar og preferansar, er denne no på høyring. I etterkant av høyringsrunden utarbeider rådmannen ei politisk sak basert på rapporten og mellom anna innspela frå høyringsrunden. Først når dette er på plass, har ein tilstrekkeleg underlag til å ta stilling til kva ein skal gjera og ikkje gjera med skulestrukturen.

Ønskjer ikkje endringar

Sveio Senterparti er klare på at dei ønskjer å oppretthalda alle skulane slik dei er i dag.

– Skulen er «limet» i bygdene, og også for heile kommunen. Senterpartiet er kritisk til prosessen og grunnlaget til rapporten. I tillegg bør ein vera meir offensiv, og sjå på moglegheit til meir vekst i alle krinsar, seier Monica V. Valen på vegne av partiet.

– Sveio Høgre ønskjer ikkje å endra skulestrukturen, kommenterer John Kristian Økland, og viser til lesarinnlegget som står i Vestavind denne veka.

Ventar til høyringa er ferdig

Ole Johan Sveen er uavhengig i kommunestyret. Han vil venta til høyringa er ferdig og rådmannen si innstilling er klar, før han tar avgjerd i saka.

Stian Nygård er i same situasjon som Sveen, også han vil bruka tida fram til den politiske behandlinga er klar til å gjera seg opp ei meining. – Innspel frå høyring saman med rapporten frå Telemarksforsking vil i sum gi eit breitt og balansert grunnlag for å ta eit val, seier Nygård.

Sveio Arbeidarparti er opptatt av ein brei, open og grundig debatt i denne, som andre saker. – Høyringsfristen går ikkje ut før den 1. februar, og administrasjonen skal etterpå førebu sak for politisk handsaming. Av respekt for denne prosessen, meiner Sveio Ap derfor at det vil vera politisk uansvarleg å ta eit standpunkt allereie no, seier Håkon J. Skimmeland på vegne av partiet.

Kristina Ballard og partikollegaene i Sveio SV har ikkje tatt stilling til skulestruktur enda.

– Her er mykje å setja seg inn i, og me jobbar med saka, seier Ballard.

Powered by Labrador CMS