nyhende

Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Fleire permitterte er i arbeid

I oktober var arbeidsløysa i Sunnhordland til saman 2,7 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 74 personar samanlikna med september månad.

Publisert Sist oppdatert

– Arbeidsløysa utviklar seg framleis i positiv retning, men med ei meir flatare kurve dei siste månadane. Det er færre permitterte, og i oktober er det stor nedgang blant dei som var delvis ledige. På same tid som arbeidsløysa går ned, er me bekymra for dei som vart råka i mars, og som no enno ikkje er kome attende jobb, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.

I oktober blei 2,3 prosent (67 personar) av arbeidsstyrken i Sveio registrerte som arbeidsledige. Snittet for året så langt er 3,9 prosent (113 personar).

Tilpassar seg tiltaka

Etter nedstenginga av Noreg var ein av konsekvensane ei rekordhøg arbeidsløyse. I Sunnhordland var den på det meste 7,6 prosent av arbeidsstyrken. Nye nasjonale innstrammingar og lokale koronatiltak påverkar næringslivet.

– Me håpar og trur at me unngår same tilstandar som i mars og april. Inntrykket vårt er at verksemdene i regionen er gode på omstilling og tilpassar seg tiltaka, og på den måten klarar halda hjulene i gang, seier Østerlid.

NAV har ikkje motteke varsel om masseoppseiingar eller permittering den siste månaden.

NAV held ope

NAV sine tenester er tilgjengeleg for alle tenestemottakarar i Sunnhordland. Oppdatert informasjon er alltid å finne på nav.no.

– Me oppmodar alle om å nytta dei digitale løysingane på nav.no så langt som råd. NAV-kontora er opne for publikum som må ha eit fysisk møte, seier den lokale NAV-leiaren.

Arbeidsgjevarar er også oppmoda om å ta kontakt om dei har behov for råd og rettleiing.
Nokre treng arbeidskraft, medan andre har spørsmål om permittering eller sjukefråversoppfølging. Våre tilsette er også tilgjengeleg for dei, seier Astrid Østerlid.

Powered by Labrador CMS