NPK-NTB: Ein av ti spurde seier det går dårleg for tida, viser Norsk koronamonitor frå Opinion. Det er særleg dei yngre som er misfornøgde.
Under pandemien har Norsk koronamonitor spurt totalt 150.000 nordmenn om korleis dei vurderer sin eigen situasjon. Spørsmålet folk har svart på er: Vil du seie at det går bra med deg, dårleg med deg eller verken bra eller dårleg?
I desember seier 69 prosent det går bra, 10 prosent seier det går dårleg og 21 prosent svarer verken eller.
– Når kvar tiande nordmann seier det går dårleg, er det høgt, pandemien sett under eitt. Det er spesielt dei yngre som seier det går dårleg med dei, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.
Gjennom pandemien er det berre i perioden mellom februar og mai 2021 og no i desember at så mange som 10 prosent seier dei har det dårleg. Då Noreg stengde ned i mars 2020 sa 6 prosent det same.
Dei som i størst grad seier at dei har det dårleg, er aldersgruppa under 30 år, der andelen er 16 prosent. Tilsvarande tal for dei over 60 år er 4 prosent.