NPK-NTB: I første kvartal var konkursauken på 8 prosent samanlikna med i fjor. I mars gjekk 294 bedrifter konkurs, noko som er det meste sidan november 2020.
Talet på konkursar under pandemien har likevel vore rekordlågt.
– No som støtteordningane ikkje lenger eksisterer, er det naturleg at det får konsekvensar for både enkeltverksemder og bransjar, seier analytikar Julie Berg i Experian i ei pressemelding.
Særleg har dei siste månadene vore spikaren i kista for mange bygg- og anleggsbedrifter. Under pandemien har mange brukt pengar på eigen bustad, men dei ekstraordinært gode tidene for denne bransjen ser ut til å ende.
– No som pandemien tilsynelatande er over og prisane på byggjevarer er høgare enn nokon gong, i kombinasjon med generelt usikre tider, så er det naturleg at folk er litt meir forsiktige med pengane sine, seier Berg.
Geografisk er konkursoppgangen størst i Nordland, Troms og Finnmark.
I tillegg til fleire konkursar har talet på nyetableringar gått ned med 24 prosent i første kvartal.