nyhende

Fleire kilometer med ny asfalt

Fire stadar i kommunen fekk nyleg ny asfalt på nokre strekningar.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg var mannskap ute og la ny asfalt fleire plassar rundt i kommunen.

Ifølgje kommunalsjef for teknisk Kenneth Tollefsen var det i hovudsak tre strekningar som vart jobba på, saman med noko mindre arbeid i bygda Førde.

Området Lauvås fekk om lag 2,5 kilometer ny asfalt.
Mellom Bua og Kinn vart det lagt om lag 2 kilometer ny asfalt.

Rophusvegen fekk om lag 0,5 kilometer ny asfalt. Kommunen har tidlegare lova ny asfalt til denne vegen.

— Rophusvegen var plaga med djupe hol i vegbanen og overfløyming ved nedbør, så me er svært nøgd med at vegen fekk ny asfalt, seier Øyvind Gjerde i velforeininga.

I fjor vinter vart eit budsjett vedteke for kor mykje ny asfalt som skal koma i Sveio.
Totalt vart det sett av 2,5 millionar kroner til asfaltering, noko som har sørga for om lag 5 kilometer med utbetra veg.

Powered by Labrador CMS