nyhende
Fleire hundretusen i pluss
Ryvarden Kulturfyr gjorde det økonomisk svært bra i første kvartal av året.
I slutten av april månad vart kommunestyret presentert for rekneskapen til Ryvarden Kulturfyr. Det har i lang tid vore ein politisk ambisjon for Sveio kommune at fyret skal vera økonomisk sjølvstendig. No verkar det å vera på god veg.
Inntekta frå 1. januar til 30. april var på 719.187 kroner medan utgifta var på 472.781 kroner. Det gjev eit førebels resultat på 246.706 kroner, nesten ein kvart million.
God start på sesongen
– Ryvarden Kulturfyr har sin hovudsesong med galleri og kafé frå mars/april og ut november, heiter det i rapporten.
Då er det grunn til å tru at det er eit bra resultat, sidan hovudsesongen så vidt hadde byrja då dei leverte eit sterkt rekneskap. Årets sesong byrja 3. mars, og rapporten trekkjer fram følgjande punkt:
- Fyrmeisterbustad og medfølgjande overnattingstilbod har vore mykje nytta.
- To Fullmånekveldar med konsert i mars.
- Gjester frå cruiseselskapa har byrja å koma og besøket er aukande.
- Eit godt samarbeid med Turistforeininga og Flokehyttene.
Redusert til sju tilsette
Kulturfyret har totalt 7 tilsette i 2024, som til saman utgjer berre eitt årsverk. Året før var det 11 totalt tilsette, og dagleg leiar har gått frå 80 prosent i 2023 til 50 prosent stilling i år.
– Dette gjer oss svært sårbare, heiter det i rapporten.
Totalt er lønskostnadane på 290.379 kroner. Målet med økonomisk sjølvstende nærmar seg ifølgje rapporten, men det vert trekt fram at små ressursar samanlikna med drift gjer det vanskeleg å fullt ut nytta potensialet. Eit tiltak som vert undersøkt er ombygging av kulturfyret og tilhøyrande bygg slik at dei kan tilby fleire overnattingsplassar.