nyhende
Fleire har fått enorme utbetalingar frå Nav på grunn av DNB-feil
Fleire norske medium har vore i kontakt med privatpersonar som har fått altfor mykje pengar utbetalte frå Nav. DNB stadfestar at feilen ligg hos dei.
Ein person VG har snakka med, hevdar at han har fått utbetalt rundt 200.000 kroner.
Ein annan seier han har fått fem gonger så mykje pengar som han vanlegvis får.
Til Dagbladet seier pressevakta i Nav at dei er klare over feilen, men at dei ikkje veit kva som har skjedd. DNB tek på seg skulda og stadfestar til NRK at feilen ligg hos dei.
– Ein teknisk feil i samband med utbetalingane frå Nav har ført til at mange kundar har fått same utbetaling fleire gonger. Feilen vart raskt oppdaga, og vi er i gang med å rette opp saka. Kundane vil ikkje trenge å gjere noko, seier pressekontakt Stål Ulvin Garberg i DNB til NRK.
Annonse
Også NRK og TV 2 har snakka med personar som har fått enorme utbetalingar.