nyhende

Fleire fekk inngått ekteskap i kyrkja i 2021 enn under det første året av koronapandemien då omfattande restriksjonar førte til at mange sette giftarmålet på vent. Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Fleire fekk inngått ekteskap i kyrkja i 2021 enn under det første året av koronapandemien då omfattande restriksjonar førte til at mange sette giftarmålet på vent.

Fleire gifta seg i kyrkja under pandemien

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Talet på par som valde å gifte seg i kyrkja auka med 8 prosent i fjor, opplyser Den norske kyrkja. Det var òg markant fleire som vart døypte.

Auken i talet på dei som vart døypte eller gifta seg er samanlikna med 2020. I Oslo bispedømme auka talet på vigslar med heile 31 prosent frå året før.

Sjølv om det er markant oppgang var det likevel færre døypte og vigslar enn i det siste «normalåret» som var 2019, altså før koronapandemien slo inn.

– Vi veit at mange utsette dåp og vigsel i 2020 for å kunne samle ei større gruppe av dei ein er glad i til denne livshendinga. Fleire valde å gjennomføre i 2021, men vi trur nok at ein del heldt igjen så lenge det var restriksjonar, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

Talet på konfirmantar i kyrkja var stabilt på same nivå som i 2020 og også i 2019. Raaum seier at dei tilsette i kyrkjene gjorde ein stor innsats i å gjere tilpassingar slik at flest mogleg kunne få gjennomført desse kyrkjelege handlingane.

– Det er lagt ned utruleg mange arbeidstimar rundt om i kyrkja, seier Raaum.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS