nyhende

Det var fleire kontrollar i Førde enn på Haukås i fjor, stadfestar Terje Oksnes, distriksleiar i UP. Arkivfoto: Ellen Marie Hagevik
Det var fleire kontrollar i Førde enn på Haukås i fjor, stadfestar Terje Oksnes, distriksleiar i UP.

Fleire førerkortbeslag og færre ruskøyrarar

UP-patruljane på Haugalandet og i Sunnhordland hadde nok å gjera i fjor. Det blir ikkje ført statistikk for Sveio, så tala er frå heile distriktet.

Publisert Sist oppdatert

Her er 2024-tala med 2023 i parantes:

  • 21.671 rustesta førarar av lette køyretøy (23.062)
  • 979 rustesta førarar av tunge køyretøy (1.083)
  • 4.540 køyrde for fort (4.433)
  • Av desse fekk 267 førarkortet beslaglagt (159)
  • 63 anmeldt for ruspåvirka køyring (102)
  • 550 brot på føresegnene for farleg åtferd (602)
  • Av desse var det 389 reaksjonar mot ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring (363)

Auke og nedgang

– Det er ganske like tal som året før, men det har vore ein auke i førerkortbeslag og ein nedgang i antal personar meldt for ruskøyring. Det kan ikkje peikast på nokon spesiell grunn til at dette har skjedd, men det likt for heile UP-distriktet, seier Terje Oksnes, distriktsleiar for UP-distrikt 3 Vest.

Å få ut tal for Sveio er ikkje mogeleg, då det er for lokalt til at det blir registrert i statikken.

Oftare i Førde

– Tidlegare var det rimeleg ofte kontrollar på Haukås. No ser det ut som Førde er ny «hot spot» i Sveio. Stemmer det, og kva er i så fall grunnen?

– Det er riktig at det var fleire kontrollar på E39 Førde enn E39 Haukås i fjor, men eg trur nok det kjem litt an på tilfeldigheiter, seier Oksnes.

Powered by Labrador CMS