nyhende

Sidan 2006 har talet på fattige i Noreg auka. Foto: Frederik Ringnes / NTB/ NPK
Sidan 2006 har talet på fattige i Noreg auka.

Fleire fattige og fleire rike

Dei økonomiske ulikskapane i Noreg aukar og gruppa med gjennomsnittleg inntekt går ned. Mange ulike faktorar er med på å påverke denne utviklinga

Publisert Sist oppdatert

Det kom fram då forskingsstiftinga Fafo presenterte funn frå Ulikhetsbarometeret sitt tysdag.

– Aukande ulikskap er gift for tilliten i eit samfunn. Difor må vi også ta desse tala på alvor. Viss vi ikkje klarer å snu denne utviklinga, så kan tilliten i samfunnet forvitre, sa LO-leiar Peggy Hessen Følsvik under presentasjonen.

Lønn er avgjerande

Følsvik peika på at dei aller rikaste sit att med ein større del av kaka og at det skjer på kostnad av arbeidstakarane.

– Det er ikkje berekraftig at arbeidsfolk skal gå på jobb dag ut og dag inn og sitte att med stadig mindre av overskotet i ei bedrift. Sånn kan vi ikkje ha det i Noreg, konstaterte Følsvik.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik meiner aukande økonomisk ulikskap er giftig for tilliten i eit samfunn.

Tala Fafo har lagt til grunn i barometeret sitt viser utviklinga frå 2006 til 2019. Fafo-forskar Ester Bøckmann gjekk inn på korleis samfunnet generelt har utvikla seg i denne perioden – noko som òg kan gjere utslag på ulikskapen.

– Den teknologiske utviklinga har skote fart. Meir digitalisering får konsekvensar for arbeidsmarknaden. Etterspurnaden etter arbeidskraft og kompetansebehovet endrar seg.

Dei endringane kan òg gjere at fleire får ei anna arbeidsinntekt.

– Lønna er hovudkjelda til inntekt for dei fleste folk – difor kan ein tenkje seg at denne utviklinga har effekt på barometeret, sa Bøckmann.

Globalisering

Bøckmann trekte i tillegg fram korleis Noreg i større grad har blitt knytt saman med resten av verdssamfunnet.

– 2006 var EU-utvidingas spake byrjing. Det har òg vore ei finanskrise i perioden. Den arabiske våren og krigen i Syria har sett sitt preg på verda. Alt dette har vi merka konsekvensane av i Noreg. Gjennom ulike kanalar kan det påverke ulikskapen, sa ho.

Blant anna har vi hatt auka innvandring i perioden.

– Innvandrarar kan ha heilt andre føresetnader på arbeidsmarknaden.

Også fødselstala blei trekt fram som ein mogleg påverkingsfaktor.

– Det blir fødd færre barn og befolkninga blir eldre. Dette kan på ulikt vis påverke utviklinga, sa ho.

Skeivfordelinga mellom fattig og rik aukar. Det har fleire årsaker, ifølgje forsking.

Tal frå barometeret:

Medianinntekt er inntekta til personen i midten i inntektsfordelinga. Inntekta er justert etter hushaldsstorleik. Tala er frå 2019 – som er det siste året som har tilgjengelege tal.

Dei rikaste: inntekta er minst 200 prosent av medianinntekt: 4,4 prosent av oss var i denne gruppe i 2019 mot 3,6 i 2006.

Dei privilegerte: inntekta er mellom 125 og 200 prosent av medianinntekt: 22,8 prosent var i denne gruppa i 2019 mot 21,8 i 2006.

Middelgruppa: inntekta er mellom 75 og 125 prosent av medianinntekt: 49,7 av oss var i denne gruppa i 2019 mot 53 i 2006.

Dei økonomisk utsette: inntekta er mellom 60 og 75 prosent av medianinntekt: 11,3 prosent av oss var i denne gruppa i 2019 mot 11,8 i 2006.

Dei fattigaste: inntekta er under 60 prosent av medianinntekt: 12 prosent av oss var i denne gruppa i 2019 mot 9,7 i 2006.

Powered by Labrador CMS