nyhende
Fleire digitale Vestavind-lesarar
Vestavind har nesten dobla talet på reine digitale abonnentar på eit år. Og det godkjente netto opplaget for avisa første halvår i år viser at kundemassen er lojale mot lokalavisa si.
I et avislandskap kor lokalaviser både på Haugalandet, i Sunnhordland og landet elles opplev både opp- og nedturar, ligg opplagstalet for Sveio si lokalavis stabilt, med ein framgang på tre eksemplar.
Fleire digitale lesarar
Det viser dei offisielle opplagstala for norske aviser som kom denne veka. I Vestavind er talet på reine digitale abonnentar dobla på eitt år, frå 105 på denne tida i fjor, til 174 no. Dei fleste Vestavind-kundane vel framleis å vere såkalla komplett-kundar, som betyr at dei held både papiravisa i tillegg til å ha digital tilgang. Men her er det ein nedgang frå 1.444 på same tid i fjor, mot 1.388 no.
Stabilt for LLA-avisene
Vestavind er tilslutta Landslaget for lokalaviser (LLA). LLAs sine medlemsaviser aukar totalopplaget med 2.850, som tilsvarar ei auke på 0,8 prosent. Blant LLAs over 100 lokalaviser går omtrent halvparten av avisene litt fram, den andre halvparten litt tilbake. Dermed held trenda frå dei siste åra fram, nemleg at er lokalavisene sine opplagstal er stabile.
— Leverer viktig innhald
— Det er veldig kjekt å se at lokalavisene framleis har auke i opplaget. Lokalavisene leverer viktig og unikt innhald som vi ser at abonnentane set pris på. Vi er selvfølgeleg spente på utviklinga nå som mange får trangere privatøkonomi, men vi håpar at folk vil halde fortsette å sjå viktigheita av lokalavisa si, seier generalsekretær Tomas Bruvik i ei pressemelding.
Dette er status for utvalde aviser:
Vestavind 1.585 (+3)
Haugesunds Avis 63.495 (-150)
Sunnhordland 7.082 (+307)
Stord24 1.162 (-12)
Tysvær Bygdeblad 2.191 (+64)
Bømlo-Nytt 3.738 (+105)
Grannar 3.483 (-37)
Hardanger Folkeblad 5.269 (-89)
Kvinnheringen 4.085 (-166)
Grenda 2.761 (+370)
Karmøynytt 1.493 (+121)
Tysnes 2.065 (-65)
Suldalsposten 2.608 (+121)
Ryfylke 2.228 (-27)