Det skal lønne seg å bruke straum når timeprisen er låg, men det krev at nettselskapa rapporterer riktig forbruk. Javad Parsa / NTB / NPKFOTO: Javad Parsa / NTB / NPK
Fleire betalar for meir straum enn dei brukar
Reguleringsmyndigheita for energi (RME) vil følgje ekstra med på nettselskapa framover. Fleire straumkundar får nemleg feil avrekning av det faktiske forbruket.
Dei som bruker straum når prisen er låg, skal få lågare straumrekning. Det viser seg at det ikkje alltid er sånn likevel, fordi rapporteringa av straumforbruket ikkje alltid stemmer.
Nettselskapa sender informasjon om straumforbruket til kundane frå AMS-målar til Elhub, som fører statistikk over timeverdiane som blir rapporterte. Det skal sikre at folk ikkje betaler for mykje.
1% blir estimert
– Trass i dette, blir framleis 1 prosent av forbruket estimert i avrekninga. Det betyr at ikkje alle straumkundar blir avrekna basert på faktisk forbruk, seier seksjonssjef Torfinn Jonassen i RME i ei pressemelding.
Dersom 1 prosent av timeverdiane manglar kvar månad, kan det ramme 33.000 straumkundar månadleg. Dei fleste selskap rapporterer data med ein kvalitet på over 99 prosent kvar månad, viser undersøkingane til RME, men enkelte har vesentleg lågare datakvalitet.
Tettare oppfølging
– For å sikre at straumkundar blir avrekna etter faktisk forbruk, vil vi framover følgje rapporteringa til nettselskapa til Elhub tettare opp, seier Johannesen.
Han varslar at det kan bli konsekvensar for selskap som har mykje feilrapportering.
– Vi vil gjennomføre ei ny undersøking for andre halvår i januar 2025, og vi vil vurdere økonomiske reaksjonar overfor nettselskap med låg datakvalitet, seier Torfinn Jonassen.