nyhende

Kystbussen fortset å følgja oppmodingane frå FHI og vil auke kapasiteten om bord ytterlegare når situasjonen betyr det.
Kystbussen fortset å følgja oppmodingane frå FHI og vil auke kapasiteten om bord ytterlegare når situasjonen betyr det.

Fleire avgangar med Kystbussen

Kystbussen køyrer no om lag 200 avgangar i veka og er dermed tilbake på ein tilnærma normalproduksjon i tal ruter.

Publisert Sist oppdatert

– Me ser ein gledeleg auke i tal reisande på strekninga, og forventar at dette vil fortsetja utover sommaren. Dermed har me godt nok kundegrunnlag til å setja inn fleire avgangar og til å kunne gi kundane eit endå betre tilbod. Det er vi svært glade for, seier Svein Helge Hauge, produkt- og konseptsjef i Tide i ei pressemelding.

«Strake vegen»

Det er ruta «Strake vegen», den raskaste ruta mellom Stavanger og Bergen, som har fått den største styrkinga og her er talet avgangar i veka dobla.

– Den siste smittevernrettleiaren til FHI seier at me no kan auka kapasiteten om bord i bussane, frå 30 reisande til 40. Dette er eit viktig steg på vegen mot ein meir normalisert kvardag, seier Hauge.

Svein Helge Hauge, produkt- og konseptsjef i Tide.

Produktbetringar

Denne veka har Nor-Way Bussekspress lansert betringar i sin reiseapp som vil forenkla reisa for kundane. No kan reisande sjølv gjera endringar på billetten i app’en, medan det tidlegare berre var mogleg å gjera dette på nettet.

I tillegg får passasjerane no høve til å bestilla tilleggsproduktet «Sitt åleine». Ved å velja denne løysinga er ein garantert at setet rett ved sida av seg er ledig under heile turen. Dette er eit godt alternativ til dei som ønskjer litt meir plass og betre komfort på reisa.

Billettar til Kystbussen kan kjøpast på nor-way.no og i app, og passasjerar blir anbefalte å kjøpa billett i forkant av reisa for å vera sikra plass. Ved å bestilla i god tid før reisa vil ein òg kunne oppnå den beste prisen. Det er framleis ikkje mogleg å betala med kontantar i bussen.

Powered by Labrador CMS