nyhende
Fleire automatkasser – meir tjuveri
Når fleire butikkar opnar for sjølvbetente kasser, aukar også tjuveria. No vel fleire kjøpmenn å stenge desse kassene.
Så langt i år har det vore ein auke på 20 prosent på tjuveri i butikk, skriv Aftenposten. Men tala er utelukkande baserte på sakene som vert melde inn og fortel dermed ikkje heile bildet.
– Akkurat no stig talet på tjuveri i takt med at det vert opna stadig fleire sjølvbetente betalingsløysingar, seier driftsdirektør i Skan-kontroll Thomas Hansen.
Kjedene vil derimot halde på dei sjølvbetente løysingane og meiner desse er komne for å bli. Likevel er det fleire butikkar som tek grep for å hindre at kundar stikk av med varer dei ikkje betalar for.
Kjøpmenn i Kristiansund, Oslo, Sandnes og Glåmdalen har allereie fjerna sjølvbetente kasser heilt. Andre leiger inn tryggingsselskap for å få ned svinnet i butikkane.