nyhende
Flaumutsett vegparti skal hevast
Overvannsproblem på fylkesveg 47 ved Ekrene har vore eit gjentakande problem. No skal vegen hevast.
Ved store nedbørsmengder har fylkesveg 47 ved Ekrene fleire gonger måtta stengja fordi det har vore uforsvarleg å køyra på vegen.
– Problemet er lite fall i elva, difor skal me no heva vegen ein god halvmeter i det aktuelle området. Det er snakk om ei strekkje på rundt 200 meter. Først skal det leggjast asfaltpukk, deretter eit slitelag med vanleg asfalt, opplyser byggjeleiar Roger Lemme i Vestland fylkeskommune.
Det er for tida nedsett fart og lysregulering på staden. Arbeidet er venta å ta eit par dagar, ifølgje byggjeleiaren.
Det er Mesta AS som har oppdraget, med entreprenør Geir Flatnes AS som underleveradør.