nyhende
Flasketjuvar skaper trøbbel for idrettslaget
Tjuveri av tomflasker har blitt eit problem for Sveio idrettslag som i august i år fekk på plass to pantebuer.
På kort tid har idrettslaget opplevd to innbrot. Første gongen blei ei lagerdør broten opp på Sambrukshuset og totalt 10 sekker med tomflasker blei stole. Fire av sekkene kom til rette, likevel blei verditapet på heile 6.000 kroner. Ifølgje Torleif Bjelland, formann i husstyret for Sambrukshuset, blei saka politianmeldt, men henlagd etter kort tid.
To innbrot på kort tid
– Me klarte å spora opp gjerningspersonane, og har i etterkant hatt ein alvorsprat med dei. Men så opplever me altså eit nytt innbrot. Tysdag denne veka oppdaga me at låsen på ei av pantebuene var broten opp, ein god del tomflasker var stolne, utan at me kan seia kor mange, seier Bjelland frustrert.
Han meiner det er direkte småleg å stela frå idrettslaget der det meste er basert på frivillig arbeid. Pantekronene skulle gå uavkorta til laga.
– Med ekstraarbeidet og utgiftene desse innbrota medfører gjer at ein har lyst å gje opp, og ikkje trur eg det har nokon hensikt å politimelda heller, då saka berre blir henlagd.
Håpar på oppklaring
Bjelland håpar likevel på ei oppklaring i saka, og ei minneleg løysing for alle partar.
– Dersom nokon veit noko om denne saka er det fint om dei tek kontakt med Sveio idrettslag. Gjerne anonymt, oppfordrar han.