nyhende
Fjord Motorpark kjem til Sveio
Ei av sakene som vekte engasjement under valkampen, var Fjord Motorpark sitt ønske om å etablera seg i Sveio. Måndag held dei ope informasjonsmøte for å fortelja om planane sine.
Ein time før møtet startar, blir det utstilling med mellom anna bilar, gocartar og motorsyklar utanfor Vigdartun.
– Me har fått med oss at det både er stor interesse for planane, og at mange meinar noko om plassering, støy og trafikk. På møtet vil me både informera om planane våre, og publikum får stilla spørsmål, seier John Magne Langåker, styreleiar i Fjord Motorpark.
Dei har lansert Paddevegen som den best eigna plassen, og det har det vore mange reaksjonar på. Ulike plassar i Sveio er foreslått, og Fjord Motorpark har fått med seg dette.
Paddevegen det beste alternativet
– Me har vore på desse plassane og sjekka tilhøva. Mellom anna Tjernagel som mange har trekt fram. Der er det uaktuelt å etablera seg. Det er er for tett på bustadar. Slik me ser det er Paddevegen det beste alternativet. Kvifor vil me fortelja meir om måndag, seier Langåker.
Støy er det folk har vore mest skeptiske i høve til Paddevegen. Langåker trekk fram at området Fjord Motorpark ønsker seg, er lengre unna bustadar enn dei fleste andre motorsportsenter i Noreg.
– Det er strenge reglar me må forhalda oss til. Noko av det første me vil ta tak i er å få gjort ei støymåling som er av ein slik kvalitet at den kan brukast som grunnlag for vidare prosjektering.
Utøvarar frå 5 til 80 år
Langåker understrekar også at motorsport på ingen måte er berre for ungdommar. I dei mange ulike greinene som inngår i motorsportfamilien, er det utøvarar frå 5 til over 80 år.
– Noko av det som er spesielt, veldig kjekt og sosialt med motorsport, er at det dei som driv med det er i alle aldrar. I ein del klassar er det aldersinndeling, men i til dømes racingklassane konkurrerer alle på likt uansett alder. Under NM i år var det til dømes over 50 års aldersforskjell på vinnaren, som var 14 år, og nummer tre som var godt over 60, fortel Langåker.