nyhende

Rutene som blir påverka av ombygginga er: Bergen – Stavanger – Hirtshals, og Hirtshals – Langesund. Foto: Fjord Line / NPK

Fjord Line byggjer om to skip som ein konsekvens av energikrisa

Publisert Sist oppdatert
NPK: På grunn av energikrisa har Fjord Line vedteke å byggje om dei to LNG-skipa sine MS Stavangerfjord og MS Bergensfjord frå singel-fuel LNG-motorar til dual-fuel LNG/MGO- motorar. Det fører til eit avgrensa rutetilbod i ombyggingsperioden.

Energikrisa utløyst av Russlands invasjon av Ukraina har medført stor prisutvikling på LNG (Liquified Natural Gas), skriv Fjord Line i ei pressemelding.

Prisutviklinga har vore langt over stigninga på tradisjonelle og mindre berekraftige energikjelder, som blir nytta i skipsfarten. Fjord Line får heller inga energistøtte og det betyr at energikostnadene for Fjord Lines to skip som blir drivne av LNG har hatt ei dramatisk utvikling langt over berekraftig nivå. Selskapet skal difor no konvertere MS Stavangerfjord og MS Bergensfjord frå singel-fuel LNG-motorar til dual-fuel LNG/MGO-motorar.

Ombygginga skal sikre ei økonomisk berekraftig drift også i perioden fram til LNG-prisane normaliserer seg.

Ombygginga av MS Stavangerfjord blir påbyrja i januar 2023 og vil vere avslutta mai 2023. MS Bergensfjord blir bygd om i perioden februar til juni. Rutene som blir påverka av ombygginga er: Bergen – Stavanger – Hirtshals, og Hirtshals – Langesund. Fjord Lines andre ruter Sandefjord – Strömstad og Kristiansand – Hirtshals blir ikkje påverka av endringane og seglar som normalt.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS