Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Fivelandshyttene – ro og utsikt i Åkrafjorden
Då Jonny og Sigrid Hetleflåt bygde Fivelandshyttene, var målet å skapa ein stad der folk kunne senka skuldrane og berre vera. No ligg dei to små hyttene klare til å ta imot gjester – tett på fjorden, naturen og stilla.
Det er ekteparet Jonny og Sigrid Hetleflåt som står bak Fivelandshyttene – to små hytter som ligg nedi ei fjellskrent på Markhus i Åkrafjorden. Hyttene, som har fått namna Fjord og Fjell, er plasserte idyllisk på kvar sin bergknaus, omgitt av blåbærlyng og bjørkeskog.
Dette er eit ekte familieprosjekt, der alle dei fire barna har vore med på å bidra undervegs – både i planlegging, bygging og drift.
Ein parkerer bilen på oppsida og går eit stykke ned ein smal grusveg. Her får ein verkeleg kjensla av å vera langt vekke frå resten av verda, med naturen tett på. Rett i nærleiken held ei kattugle til, og ørna fyk ofte forbi på nært hald. Ved sjøen har fleire sett niser.
1.april i år stod hyttene klare for utleige for første gong.
Ro, dyreliv og ekte hyttestemning
Hytta er på 25 kvadratmeter og bygd i skandinavisk stil – lyst og lett, med ein lun atmosfære og alt du treng for eit komfortabelt opphald: godt utstyrt kjøkken, dusj, toalett, biopeis og moglegheit til å lage maten sjølv. Her er det valt kvalitet og komfort – noko gjestene set stor pris på.
– Me har fått tilbakemeldingar på at folk senkar skuldrane og kosar seg når dei kjem hit. Det er roleg, naturen er tett på, og internett har ingen spurt etter, seier Hetleflåt.
Uteområdet er noko heilt for seg sjølv. Her kan du sitja heilt nede ved fjorden og fiske, slappe av – eller leige sykkel og ta turen langs fjorden. Familien har investert i syklar for utleige.
– Fiske har vore veldig populært, seier Hetleflåt.
Skinnfellar på berga gjer det ekstra komfortabelt å nyte både solnedgang og stjernehimmel – gjerne med lydsporet frå ei kattugle i bakgrunnen. Familien håpar at Fivelandshyttene blir ein plass folk får lyst til å koma tilbake til.
– Det er mykje som skjer på fjorden. Me har sett både ørn og niser heilt tett på. Plassen er lun, og utsikta er like vakker uansett vêr, seier Sigrid Hetleflåt.
Brekkestølen – stølsro i høgda
Familien Hetleflåt leiger også ut stølshytta si Brekkestølen for dei som er fjellvante. Hytta ligg på 460 moh. med vid utsikt over Åkrafjorden, og har enkel standard utan straum eller innlagt vatn. Her lagar du maten sjølv, hentar vatn ute og nyt stilla utanfor allfarveg. Turen opp tek mellom 1,5 og 2 timar i bratt terreng – men belønninga er ei lun og stille stølshytte tett på naturen.
Ein del av Åkrafjorden Oppleving
Fivelandshyttene er ein del av Åkrafjorden Oppleving – eit lokalt reiselivsselskap som jobbar for å gi besøkande ekte, naturnære opplevingar langs den ville og vakre Åkrafjorden.
Åkrafjorden Oppleving tilbyr alt frå guida turar, fjordcruise og rib-turar til fotturar, sykkelutleige og overnatting på unike plassar som Fivelandshyttene og Brekkestølen. Dei samarbeider med lokale aktørar og legg vekt på kortreiste, berekraftige tilbod med røter i landskapet og kulturen i Etne.